Innovasjon Norge sin eksportsatsing – The Explorer – er eit digitalt utstillingsvindauge for berekraftig, norsk teknologi. Klyngeverksemder kan registrera sine grøne løysingar alt i dag.
The Explorer er ein digital kommunikasjonskanal der norske verksemder kan visa fram klima- og miljøvennlege løysingar for eit globalt publikum.
Etter kvart som nettstaden vert fylt av framtidsretta, norsk teknologi, vert det ein meir og meir komplett teneste, der internasjonale aktørar kan finna norske løysingar på deira utfordringar.
Registrer løysinga di i dag!
Me oppmodar klyngeverksemder til å registrera sine løysingar på The Explorer så fort som mogleg, ved å gå hit.
Det digitale utstillingsvindauget er finansiert mellom anna av Klima- og miljødepartementet og Næringsdepartementet. Noreg er eit av dei fyrste landa som lanserer ei slik teneste.
Styrka norsk eksport
The Explorer vart pre-lansert i fjor og er en del av satsinga «Merkevaren Norge», leia av Innovasjon Norge i nært samarbeid med næringslivet og andre delar av det offentlege Noreg. Arbeidet har som mål å auka norsk eksport og styrka Norges posisjon som ein pionér innan berekraft.
Det digitale utstillingsvindauget for norske grøne løysingar skal visa verda kvifor det lønnar seg å kjøpa norsk, jobba med Noreg, investera i Noreg, bu i og besøka Noreg.