Me har store forventningar når regjeringa no skal leggja sin nye handlingsplan for grøn skipsfart.
Regjeringa vil om kort tid leggja fram ein handlingsplan for grøn skipsfart. Den skal ta for seg sektor for sektor, og sei noko om kor mykje mykje desse skal kutta i utsleppa sine framover og korleis dette skal gjennomførast. Saman med 10 andre organisasjonar har me skrive eit fellesbrev til regjeringa om våre forventningar til denne planen.
Ambisiøse og tydelege mål vil gi retning for industrien og ha mykje å seia for om Noreg skal nå klimamåla sine. Det vil også vera avgjerande for den framtidige konkurransekrafta til den norske maritime klynga, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Brevet er sendt på vegne av Norges Rederiforbund, Norsk Industri, Norske Havner, Maritimt Forum, NHO Sjøfart, Kystrederiene, Fiskebåt, Sjømat Norge, Grønt Kystfartsprogram, Miljøstiftelsen ZERO, og NCE Maritime CleanTech.