NCE Maritime CleanTech inviterer klyngedeltakarar til å delta på “Norway-Asia Business Summit” i Shanghai 31.10-2.11. Dette er den viktigaste møtestaden for norske og asiatiske næringsleiarar.
Norsk maritim miljøteknologi er banebrytande, og verda over er det stort potensiale for nye løysingar. Ikkje minst i folkerike land med mykje sjøtransport, som Kina.
På årets toppmøte for norske næringsaktørar med interesser i Kina og Asia, er nye maritime løysingar i fokus. NCE Maritime CleanTech skal ha ansvar for ein eigen sesjon i programmet på toppmøtet med tittelen: “Smart & Green Short Sea Shipping”.
Er bedrifta di interessert i å delta her? Meld di interesse raskt: Send e-post. Me ønsker òg tips om viktige potensielle samarbeidspartnarar i Asia. Her vil det bli sendt offisielle invitasjonar frå Norwegian Business Association og ambassadar i Asia for å sikra at nøkkelaktørar er på plass i Shanghai.
Det blir lagt opp til at det kan haldast korte bedriftspresentasjonar i eige område på konferansen.
Hugs! Søk visum i god tid: online-registrering.
Global Growth-program 4.-7.11
Etter at den store konferansen er ferdig i Shanghai legg Innovasjon Norge og NCE Maritime CleanTech opp til Global Growth-program for bedrifter som ønsker å bygga nye relasjonar til kinesiske samarbeidspartnarar. Les meir om programmet her. Her er søknadsfristen gått ut, og Innovasjon Norge har direkte kontakt med interesserte bedrifter. Send e-post dersom bedrifta di er interessert, men at de ikkje rakk søknadsfristen.