NCE Maritime CleanTech er ei verdsleiande næringsklynge med 100 deltakarbedrifter frå heile den maritime verdikjeda og energisektoren. Gjennom samarbeid utviklar me nye energieffektive løysingar og banebrytande miljøteknologi som reduserer skadelege utslepp frå maritime aktivitetar.

Vil du bidra til å skapa grøn vekst i Noreg si viktigaste næring?
Vil du bidra til å auke konkurransekrafta i nye og etablerte selskap?

Me utvidar staben og har ledig stilling som:

Senior forretningsutviklar

Me søker deg som har ei glødande interesse for å få fram og bidra til å kommersialisera løysingar som kan redusera energiforbruket og utsleppa frå maritime aktivitetar gjennom tett samspel mellom industri, forskingsmiljø, offentleg sektor og kapitalmiljø.

Arbeidsoppgåver:

  • Prosjektutvikling for våre medlemsbedrifter
  • Delta som strategisk rådgjevar for våre medlemsbedrifter i arbeidet med innovasjon, vekst og utvikling
  • Prosjektleiar for større strategiske satsingar i klynga
  • Strategisk vidareutvikling av NCE Maritime CleanTech
  • Key account ansvar for utvalde bedrifter
  • Delta i vidareutvikling av katapultsenteret Sustainable Energy AS

Det er ønskeleg at du har erfaring med forretningsutvikling og innovasjonsarbeid, gjerne frå maritim sektor eller andre havnæringar. Du bør ha ei høgare økonomisk/teknisk utdanning.

Du må høg fagleg integritet og evne til å skape tillit hos dine samarbeidspartnerar. Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsevner blir vektlagt.

Arbeidsstad: Stord

Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår.

For meir informasjon om stillinga kontakt dagleg leiar, Hege Økland, tlf.: 957 53 695. All kontakt vil bli behandla konfidensielt.

Søknad sender du til  innan 1.august.