NCE Maritime CleanTech set no i gang arbeidet med å etablera ei grøn verdikjede for hydrogen i Noreg. Målet er å fjerne barrierar, finne norske produsentar og bidra til utviklinga av infrastruktur slik at hydrogen blir kommersielt tilgjengeleg for skipsfarten i løpet av 2022. Sparebanken Vest bidrar med 2 millionar frå «Vestlandsutbytte» til arbeidet.
For at skipsfarten og andre industriar skal lukkast med ei grøn omstilling, må fossilt drivstoff erstattast med fornybare alternativ. Store delar av den internasjonale skipsindustrien peikar no på hydrogen som eit av dei mest realistiske nullutsleppsalternativa for hurtiggåande fartøy, større skip og lengre overfartar.
I Noreg er det sett i gang ei rekke utviklingsprosjekt for hydrogendrift for blant anna ferjer, cruiseskip og hurtigbåtar. Fartøya som skal gå på flytande hydrogen må i dag nytta seg av hydrogen produsert av reformert naturgass, som vert frakta med tankbilar frå Europa. Dette gir ikkje den grøne klimarekneskapen næringa treng, og for å lukkast med omstillinga må det utviklast ei forsyningskjede for grøn flytande hydrogen i Norge. Vestlandet har en sterk posisjon innan maritim sektor og er difor ein naturleg stad å starta arbeidet.
Vestlandet kan med si vasskraft og sterke maritime kompetanse leia an i overgangen til lågutsleppsamfunnet. Ved å bidra til oppbygginga av ein infrastruktur for hydrogen i Noreg, ønskjer NCE Maritime CleanTech å ta ei nøkkelrolle i denne overgangen og dermed løfta verksemdene i regionen vår ytterlegare. Me er svært glade for at Sparebanken Vest har vald å støtta dette viktige arbeidet, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Målet med arbeidet er å leggja til rette for at hydrogen skal vera kommersielt tilgjengeleg, til ein konkurransedyktig pris, i løpet av 2022. Dette vil mogleggjera eit grønt skifte i ei rekkje segment, som til dømes hurtigbåtar.
Sparebanken Vest har gått inn med midlar til arbeidet gjennom ordninga «Vestlandsutbytte».
– Sparebanken Vest har som mål å bidra til at Vestlandet skal vere ein leiande region for klimateknologi og klimakutt. Med dette prosjektet har vi eit unikt høve til å gje havnæringane på Vestlandet eit løft, nytte kompetansen til dei dyktige folka som arbeider med dette og sørgje for at vi styrer i ei berekraftig retning. Vi er glade for å vere med på laget, seier Åsne Dale-Ådland, leiar for CSR i Sparebanken Vest.
Viktig for konkurransekrafta
I prosjektet samlar NCE Maritime CleanTech deltakarar frå leiande verksemder frå maritim industri, kraftindustrien og hydrogenselskap.
Arbeidet skal blant anna sikra tilstrekkeleg marknadsgrunnlag, leggja til rette for pilotprosjekt og etablera dialog med aktørar som kan stå for produksjon og distribusjon. Dette skal føra til nye aktivitetar som vil løfta samfunns- og industriutviklinga på Vestlandet.
– Stadig strengare miljøkrav internasjonalt gjer at norske verksemder er avhengige av teknologisk utvikling og miljømessig omstilling for å oppretthalda og styrka konkurranseevna si. Hydrogenløysingar til skip kan bli den neste store maritime eksportvara for norsk industri, og dette arbeidet vil bidra til at norske industriaktørar ligg i front, seier Økland.