Ordførar i Haugesund kommune, Arne-Christian Mohn (Ap).

Haugesund-ordførar Arne-Christian Mohn (Ap) samla rundt 50 deltakarar til nasjonalt dialogmøte om autonome og utsleppsfrie bybåtar.

Fleire norske byar ønskjer å utvikla sjøvegen og integrera bybåtar i kollektivtilbodet.

– Slike nullutsleppsbåtar kan gje kortare reisetid, mindre køar på vegane og store reduksjonar i utslepp. Dei krev heller ikkje utbygging av dyr infrastruktur, seier prosjektleiar Håvard Tvedte i NCE Maritime CleanTech.

Saman med klyngene SAMS og Nordic Edge samlar NCE Maritime CleanTech no krefter i eit nasjonalt samarbeid ved å involvera aktørar frå heile verdikjeda.

Pia Meling i Massterly og Frode Skaar i Westcon Power & Automation.

– I Haugesund møttest dei som bestiller transporttenester , operatørar, båtprodusentar, maritime leverandørar, leverandørar av autonome system, Sjøfartsdirektoratet, Kystverket, Kartverket, klasseselskap, forskingsmiljø og akademia. At me alle samarbeider er det som skal til for å få autonome, utsleppsfrie bybåtar på sjøen raskast mogeleg, seier Tvedte.

At møtet blei halde i Haugesund var ikkje tilfeldig. Det nasjonale pilotfartøyet kan nemleg bli realisert i Haugesund. I eit tett samarbeid med bedrifter i næringsklynga NCE Maritime CleanTech planlegg no kommunen utviklinga av slike båtar.