CleanTech Energy Incubator er eit samarbeidsprosjekt mellom Astrid Kjellevold (Direktør, Atheno), Willie Wågen (Direktør, Sustainable Energy norsk katapultsenter) og Hege Økland (Direktør, NCE Maritime CleanTech).

Det er eit stort vekstpotensiale i norsk utvikling av energiløysingar for havnæringar og landbaserte næringar. Dette skal nystarta CleanTech Energy Incubator ta tak i.

Atheno, NCE Maritime CleanTech og katapult-senteret Sustainable Energy står bak den nye satsinga, som er tildelt 3 millionar frå Siva. Målet er å hjelpa både gründerar og etablerte selskap å få gode, grøne idear ut i marknaden. Dette vil forsterka det verdsleiande innovasjonsmiljøet for reine, maritime løysingar med tette koplingar til samarbeidspartnarar både nasjonalt og internasjonalt.

Atheno har dei siste 15 åra etablert sterke kompetanseteam forankra innan industri og næringsliv. Dei har allereie brei erfaring med entreprenørskap og innovasjon og kjem til å stå for drifta og utviklinga av CleanTech Energy Incubator. NCE Maritime CleanTech vil bidra med sitt klyngemiljø og 110 medlemsbedrifter med kompetanse knytt til maritim miljøteknologi. I klynga finn ein både sparringspartnarar og potensielle kundar. Katapult-senteret Sustainable Energy tilbyr testfasilitetar og kompetanse for produksjon, lagring, distribusjon og styring av energi.

– Synergieffektane frå dei allereie eksisterande aktivitetane i dei tre organisasjonane er mange: Innovasjonsprosjekt, faglege møtestader, tilgang på nettverk, tilgang på testfasilitetar og tilgang på kapitalaktørar. Både gründerar og nye satsingar i eksisterande bedrifter kan dra nytte av innovasjonsøkosystemet som allereie er etablert. seier Astrid Kjellevold, direktør i Atheno.

– For å ytterlegare styrka veksten i industrien og bidra til å auka takten i nyskapinga er ein slik dedikert inkubator for maritim miljøteknologi viktig. Med CleanTech Energy Incubator får me mogelegheita til å løfta fram fleire grøne idear endå tidlegare, som igjen kjem til å føra til nye miljøvenlege energiløysingar, seier Hege Økland, direktør i NCE Maritime CleanTech.

– Me ser eit stort potensiale for inkubatoren si rolle. Me vil arbeida kontinuerleg for å få fram nye innovasjonar. Havnæringane er venta å veksa i verdsøkonomien, samstundes med at dei grøne løysingane skal fasast inn globalt. Kombinasjonen av dette gir norske havrelaterte næringar ein nøkkelposisjon, seier Willie Wågen, dagleg leiar i Sustainable Energy norsk katapult-senter.

Er du gründer eller har bedrifta di ein idé dei ønsker å diskutera med oss?

– Me har allereie starta samarbeidet med nokre spennande bedrifter. Me ser dette er eit felt kor nyskapingsiveren er stor i Noreg. Eg vil oppmoda interesserte, anten du er gründer eller representerer ei etablert bedrift som ser mot utvikling av maritim miljøteknologi, til å ta kontakt, seier prosjektleiaren for CleanTech Energy Incubator, Aase Lilleskare Lund.

Aase Lilleskare Lund (Prosjektleiar, Atheno) er prosjektleiar for nystarta CleanTech Energy Incubator.

Ta kontakt for meir informasjon:

Aase Lilleskare Lund