Framover kjem det fleire EU-utlysingar som vil vera høgaktuelle for partnarane i klynga.

Gjennom sin EU-rådgivar tilbyr NCE Maritime CleanTech unike moglegheiter til samarbeid og deltaking i banebrytande europeiske prosjekt. Rådgjevaren er ein sentral ressurs for klynga og medlemmene når det gjeld å identifisera aktuelle finansieringsutlysingar i EU og rettleia bedriftene om finansieringsmoglegheiter for deira innovasjonsprosjekt.

Framover vil det komma fleire EU-utlysingar med relevant tematikk for medlemmene i NCE Maritime CleanTech.

Green Deal og Horisont Europa
EU-kommisjonen har lansert ei ambisiøs satsing på Grøn omstilling (Green Deal). Målet er at EU skal bli eit klimanøytralt samfunn innan 2050. Satsinga vil også prega utforminga av Horisont Europa, der det vil bli ei sterk satsing på klimavenleg teknologi.

Det er også signalisert at det vil bli allokert ekstra midlar (1 mrd. euro) i ei ekstrautlysing i Horisont 2020 retta mot Grøn omstilling. Detaljar rundt denne utlysinga er forventa å bli klare i løpet av våren/sommaren.

Klyngeadministrasjonen kan bidra med rådgjeving knytt til EU-finansiering ved behov, samt korleis du kan rigga di bedrift for EU-finansiering. Ta kontakt med EU-rådgivar Marte Jensen,   dersom du ønskjer å diskutera dette nærmare.