NCE Maritime CleanTech sin klyngeadministrasjon kan bistå medlemsbedrifter etter kapasitet i den vanskelege situasjonen som mange no står oppe i. Me oppmodar medlemsbedrifter om å kontakta oss dersom de ønsker å diskutera behov og bli orienterte om tiltak.

Årsmøtet i NCE Maritime CleanTech blir gjennomført 25.mars kl. 14-15. Dette skjer via nett, og me sender ut lenke og informasjon om oppkopling til påmeldte i forkant. Meld deg på årsmøtet her.

Me avlyser klyngesamlinga som var planlagd i forkant av årsmøtet. Me kjem tilbake med meir informasjon om øvrige arrangement som er planlagde denne våren.

Alle i klyngeadministrasjonen har heimekontor, og vil vera disponible for å drøfta aktuelle problemstillingar hos våre klyngepartnarar. Ta kontakt med oss dersom de har spørsmål/innspel til best mogleg støtte og oppfølging i ei utfordrande tid: .