Marthe Vågen (23) tek snart fatt på masterutdanninga på Energi og miljø ved NTNU. Før det skal ho tilbringa sommaren i NCE Maritime CleanTech.

– Eg er veldig glad eg fekk denne jobben. Å jobba i NCE Maritime CleanTech er superrelevant for meg, og her får eg bruk for mykje av kunnskapane mine frå studiet.  Eg er sikker på at eg også kjem til å nyta godt av erfaringane og nettverket eg får her, seier Vågen.

Tidlegare har Vågen hatt sommarjobb hjå klyngepartnar Westcon Power & Automation.

– Viktig erfaring

– Det er både kjekt og viktig at studentar får sleppa til. Erfaring og praksis er utruleg viktig når ein seinare skal ut i yrkeslivet. Marthe si utdanning passar godt saman med det me driv med i NCE Maritime CleanTech. Sidan ho byrja har ho vist både interesse og arbeidsiver, og ho er såleis eit funn for oss, seier Geir Odland, senior forretningsutviklar i NCE Maritime CleanTech.

Ingeniørstudenten Marthe Vågen jobbar i NCE Maritime CleanTech i sommar.

Så langt har Vågen mellom anna vore med på å setja i gang arbeidet med eit prosjekt som skal samla erfaringar og kunnskapar frå tidlegare utvikling og utbygging av ladeinfrastruktur. Resultatet skal danna grunnlag for å forutsei korleis framtidas system og infrastruktur for ladeløysingar til skip skal bli. Arbeidet er tett knytt opp mot prosjektet «On Shore Power Supply in the Nordic Region», der NCE Maritime CleanTech samarbeider med partnarar i Danmark og Sverige om ein mogelegheitsstudie for å kartleggja økonomi i oppstart og drift, tekniske løysingar og mogeleg miljøvinst ved å implementera landstraum i Norden. Prosjektet fekk nyleg ein million kroner i støtte frå Nordic Innovation.

Studerer vidare

23-åringen frå Aksdal i Tysvær fullførte bachelorgraden sin ved ingeniørstudiet Fornybar energi ved NTNU i Trondheim i vår. Allereie i byrjinga av juni starta ho i sommarjobben ved NCE Maritime CleanTech.

– I bacheloroppgåva samarbeidde eg med tre andre om å skriva om elektrifisering av offshore fiskeoppdrett i samarbeid med BKK og Siemens, fortel Vågen.

Til hausten skal Vågen tilbake til skulebenken. Då skal ho ta fatt på masterutdanninga innan energi og miljø ved NTNU.