I samarbeid med Sparebanken Vest har NCE Maritime CleanTech etablert prisen “Årets klyngepartnar”. Prisen skal gå til ei av våre klyngeverksemder som har utmerka seg innan grøn teknologi og som ein aktiv deltakar i klyngesamarbeidet.

 Prisen vart delt ut for fyrste gong i 2019. Då gjekk Corvus Energy av med sigeren, i sterk konkurranse med 23 andre nominerte selskap.

– Aldri før har verda hatt større klimautfordringar og aldri før har Vestlandet hatt større moglegheit til å bygga nye industrieventyr for å løysa utfordringane. Corvus Energy er eit suverent førebilete i denne utviklinga og ein verdig vinnar av «Årets klyngepartnar», sa konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik, i Sparebanken Vest under prisoverrekkinga på klynga sin årskonferanse i november.

100.000 kroner, heider og ære
Årets klyngebedrift 2020 får 100.000 kr og eit diplom. Vinnaren kan også bruka tittelen «Årets klyngepartnar 2020» i promoteringsaktivitetar.

Målet med prisen er å stimulera til grøn innovasjon gjennom samarbeid, og å framheva klyngepartnarar som er gode ambassadørar for klyngesamarbeidet. NCE Maritime CleanTech ønskjer også å synleggjera kor viktig den grøne teknologiutviklinga er for verdiskapinga til norsk industri.

– Som følgje av ambisiøse internasjonale klimamål vil etterspurnaden etter grøn teknologi auke betydeleg i åra som kjem. Arbeidet som vert gjort i klynga er difor svært viktig for den framtidige verdiskapinga til norsk industri. Med denne prisen ønskjer me å heidra ein av klyngepartnarane som har utmerka seg på dette området, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Corvus Energy vann prisen i 2019.

Nominer din kandidat
No oppmodar me alle til gå inn og nominera bedrifter i klynga som ein meiner har gjort seg fortent til prisen. Ein jury vil vurdera dei nominerte selskapa i høve kriterium som er vedtatt av styret i NCE Maritime CleanTech. Desse er som følgjer:
Verksemda har utvikla eller tatt i bruk ei løysing som bidreg til redusert energiforbruk eller utslepp frå maritime operasjonar

  • Verksemda driv utviklings-/innovasjonsarbeid i samarbeid med partnarar frå klynga
  • Verksemda har strategi for kommersialisering/fullskalabruk og skallering av løysingar
  • Verksemda er ein god ambassadør for klynga ved å framheva klyngesamarbeid i sitt arbeid
  • Verksemda er aktiv deltakar i ulike klyngeaktivitetar (eks. årskonferanse, ressursgrupper, klyngeverkstad, workshopar osv.)

Nominasjonen stenger 1. november. Det er ikkje mogleg for ei bedrift å nominera seg sjølv. Prisen vert delt ut under årskonferansen på Solstrand 10.-11. desember.