I dag lanserte regjeringa Klimaplan 2021-2030. Regjeringa foreslår ein rekke krav og tiltak som tar skipsfarten i grønare retning, men er likevel for lite ambisiøs innan sektorar som offshore og havbruk.  

Klimaplanen legg opp til minst ei halvering av Noregs klimagassutslepp innan 2030, med hovudvekt på dei ikkje-kvotepliktige utsleppa. Det vil seie utslepp frå transport, avfall, jordbruk, bygg og delar av utsleppa frå industri og olje- og gassverksemd. Den omhandlar også EUs kvotesystem der det meste av utsleppa frå industri og olje- og gassverksemd inngår. Planen tek i tillegg for seg CO2-opptak og klimagassutslepp frå skog og arealbruk.

— Klimapolitikk er summen av alt vi gjer – korleis vi omstiller og rustar Noreg for framtida. Vi vil kutte utslepp og auke CO2-opptaket på ein måte som omstiller Noreg og legg til rette for grøn vekst. Til det treng vi eit næringsliv som er grønare, smartare og meir nyskapande, sa statsminister Erna Solberg (H) under dagens pressekonferanse.

Eit viktig hovudtrekk i planen er forslaget om å gradvis auke avgiftene på ikkje-kvotepliktige utslepp av klimagassar til om lag 2 000 2020- kroner per tonn CO2 i 2030. Provenyet frå avgiftsauken er blitt foreslått nytta til å redusere andre skattar og avgifter.

— Dette er eit viktig tiltak som vil gje store utsleppskutt. Samtidig er det viktig at inntekta frå denne avgiftsauka kanaliserast inn i val av ny og grøn teknologi, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

DNV GL har utarbeidd eit Barometer for grøn omstilling av skipsfarten, som viser utviklinga av låg- og nullutsleppsløysingar innan skipsfarten over tid. Barometeret, som vart oppdatert i oktober 2020, viser at omstillingstrykket i norsk innanriks skipsfart er alt for lågt.

— Barometeret viser at omstillinga går alt for seint. Me hadde difor håpa på endå meir ambisiøse tiltak enn det regjeringa la fram i dag, seier Økland.

Rett før jul leverte regjeringa også stortingsmeldinga Grønnere og smartere – morgendagens maritime næring kor det vart framlagt ein rekke konkrete krav om låg- og nullutsleppsløysingar i ferje- og hurtigbåtsektorene, inkludert ein ambisjon om låg- og nullutsleppskrav for havbruks- og offshorefartøy. Dei sistnemnde ambisjonane vert stadfest i klimaplanen, utan å bli nærmare konkretisert.

— Me er glade for å sjå at regjeringa er konkrete når det gjeld krav om låg- og nullutsleppsløysingar for ferjesamband og hurtigbåtar. Me er derimot skuffa over å ikkje sjå meir konkrete krav til offshore- og havbruksfartøy, her er det ikkje skjedd mye nytt sidan Handlingsplan for grøn skipsfart ble lansert i 2019, avsluttar Økland.

 

Dei viktigaste tiltaka for maritim sektor i Klimaplan 2021-2030 er:

Regjeringa vil:

  • stå fast på ambisjonen om ei halvering av utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske frå

2005 til 2030 og vil vidareutvikle og ved behov greie ut nye verkemiddel for å nå

ambisjonen

  • greie ut klimakrav i offentlege innkjøp av sjøtransporttenester med sikte på innføring i 2023
  • innføre låg- og nullutsleppskriterium i nye anbod for ferjesamband der det ligg til rette for det, i løpet av 2023
  • innføre låg- og nullutsleppskriterium i nye anbod for hurtigbåtar der det ligg til rette for det, i løpet av 2025
  • halde fram med å støtte fylkeskommunane slik at det er mogleg å prioritere låg- og

nullutsleppsløysingar på ferjer og hurtigbåtar

  • ta sikte på å innføre krav om låg- og nullutsleppsløysingar for servicefartøy i

havbruksnæringa med ei trinnvis innfasing frå 2024, der forholda ligg til rette for det

  • kome tilbake til Stortinget i 2021 med ein plan for korleis vedtaket frå Stortinget som

ber regjeringa leggje fram forslag som sikrar null- og lågutsleppsløysingar for

offshorefartøy i petroleumsproduksjon blir følgt opp, dette inkluderer å vurdere nye

krav og innfasing av desse frå 2022

  • halde fram med å vere ein pådrivar i FNs sjøfartsorganisasjon (IMO) sitt arbeid med

reduksjon av klimagassutslepp

 

 Heile Klimaplan 2021-2020 kan lesast her.