Innlegget ble fyrst publisert på Nett.no.

Ordførar Bernt Brandal med fleire, kommenterer regjeringas føreslegne Klimaplan, og dei frykta konsekvensane for fiskerinæringa. Ei auke i CO2-avgifta og nedtrapping av refusjonsordninga kan heilt klart opplevast som utfordrande for mange aktørar. Samstundes er det gjennom samarbeid ein løyser dei store utfordringane verda står ovanfor, og difor er det no viktig at gode krefter går saman for å skape framtidas fiskeflåte.

NCE Maritime CleanTech er ei næringsklynge med 130 aktørar frå heile den maritime verdikjeda. Vår erfaring er at nye klimakrav byr på store moglegheiter: Moglegheiter til å utvikle ein endå meir berekraftig sjømatnæring, som kan styrke norske fiskeriprodukt sin posisjon på den internasjonale marknaden. I tillegg gjer utsleppsreguleringar moglegheiter for norske maritim leverandørindustri til å ta ein verdsledande posisjon i det maritime grøne skiftet.

Gjennom internasjonale avtalar har skipsfarten forplikta seg til å halvera sine utslepp innan 2050. Tilsvarande har Noreg forplikta seg gjennom Paris-avtalen til å redusera sine utslepp frå maritim sektor med 50% innan 2030. Då vil fiskeflåten måtte ta sin del. Utvikling av låg- og nullutsleppsløysingar i maritim sektor er i full gong. Kombinasjonen av internasjonale og nasjonale krav og teknologiutvikling har ført til pilotering, testing og utrulling av nye låg- og nullutsleppsløysingar.

Særleg for kystfiskeflåten er hybridbatteriløysingar innan rekkevidde.I ein rapport frå 2017 skriv Bellona, Simens, Nelfo og Elektroforeningen at «Utslipp av CO2 fra kystfiskeflåten kan reduseres med 210.000 tonn pr år (Ca 50%) ved å ta i bruk moderne teknologi med batterihybrid fremdriftsløsning. Dette vil kreve relativt store investeringer i fornying av fartøy, men vil gi reduserte driftskostnader og økt lønnsomhet for fartøygruppen».

For havfiskeflåten er vegen noko lenger, men teknologiutviklinga for drivstofftypar som hydrogen og ammoniakk som er tilpassa deira behov går stadig fortare. Her har me i NCE Maritime CleanTech ei rekke prosjekt som er relevante for havfiskeflåten. I tillegg er det og eit rom for at framsynte og visjonære fiskeflåtereiarar, industriaktørar, akademia og offentlege myndigheiter går saman om nye løysingar.

Kystnasjonen Noreg er heldigvis vel posisjonert til å lukkast. Grøn skipsfart eit av områda der me kan ta ein internasjonal leiarposisjon. Norske verft og leverandørar langs heile kysten er i dag i tet innan utvikling av miljøteknologi til skip. Mange av løysingane som vert utvikla i ein krevjande norske heimemarknad har stort internasjonalt potensiale, og kan bidra til å løysa viktige globale utfordringa. Det betyr arbeidsplassar og verdiskaping langs heile den norske kysten.

Å utvikle nye løysingar for framtidas fiskeflåte er sjølvsagt lettare sagt enn gjort. Det krev ein stor koordinert innsats. Difor må alle gode kreftar jobbe saman for å legge til rette for låg- og nullutsleppsløysingar i fiskerinæringa. Difor inviterer eg interesserte på ein digital kaffikopp for å diskutere korleis me saman kan gjere framtidas fiskeflåte grøn!

Av Hege Økland,

Adm.dir NCE Maritime CleanTech