Photo: Shutterstock

I 2018 bad Stortinget Regjeringa innføre krav om nullutslepp frå turistskip- og ferjer i verdsarvfjordane når det er teknisk mogleg og seinast innan 2026. No stadfestast vedtaket igjen av eit breitt fleirtal i Stortinget sin næringskomite. — No må Regjeringa ta ballen og leggja frem forslag til forskrift snarast mogleg, seier direktør for samfunnskontakt i NCE Maritime CleanTech, Marie Launes.

Seinast innan 2026 vert verdsarvfjordane stengt for alle skip som ikkje har nullutsleppløysingar. Det vart klart etter at eit breitt fleirtal i Stortingets næringskomite gav si innstilling til eit representantforslaget frå FrP torsdag ettermiddag. FrPs forslag var å utsetja krava til 2030, noko fleirtalet var ueinig i.

Direktør for samfunnskontakt i NCE Maritime CleanTech, Marie Launes, rosar politikarane for stadfestinga.

— Dette har NCE Maritime CleanTech og partnarane i klynga har jobba for lenge. Store klima- og miljøskadelege utslepp i fjordane og forventningar om vekst i cruisetrafikken gir eit stort behov for strengare reguleringar. Vedtaket gjort i 2018 har sett fart på ei rekkje innovasjonsaktivitetar.  Eg er difor veldig glad for at Stortingspolitikarane no stadfestar at vedtaket blir ståande, seier ho.

Innovasjonstakta må opp
Stortingsvedtaket frå 2018 har vore sterkt medverkande til å akslerera teknologiutviklinga innan løysingar for hydrogen- og batteridrift.  Vedtake har også sett fart på utbygginga av infrastruktur for fornybar energi langs kysten, noko som kjem til nytte for andre sektorar. Eit eksempel er BKK, Equinor og Air Liquide sitt planlagde hydrogenanlegg på Mongstad med oppstart i 2024.

Føreseielegheit frå stortingspolitikarane er viktig for at desse innovasjonsaktivitetane ikkje vert sett på vent. No ber Launes om at Regjeringa legg fram ein forskrift snarast mogleg.

— Det er snart gått tre år sidan forslaget fyrst blei vedtatt av Stortinget, og sjølv om fleire viktige prosjekt er sett i gang, avventar mange aktørar den endelege forskrifta. No må Regjeringa komme på bana og leggja frem ein forskrift snarast råd, seier Launes.

Endeleg handsaming i Stortinget skjer 23. februar. Innstillinga lyder som fylgjer:

«Stortinget ber regjeringen bidra til gjennomføring av tiltak initiert av lokale og regionale myndigheter som reduserer utslipp i verdensarvfjorden.»

«Stortinget ber regjeringen foreslå tiltak som sikrer verdensarvfjordene som anløpshavn for cruise båter også etter 2026, blant annet ved at staten sikrer etablering av landstrøm i Flåm som planlagt innen 2022.»

Kontaktpersonar:
Marie Launes, direktør for samfunnskontakt, NCE Maritime CleanTech

Tlf.: 976 53 966