Klyngeadministrasjonen har ti tilsette. Øvst frå venstre: Silje Sivertsen (prosjektkoordinator), Marie Engelsen Launes (direktør samfunnskontakt), Håvard Tvedte (direktør prosjektleiing), Marius Knutsen (kommunikasjonskonsulent), Geir Odland (direktør forretningsutvikling), Hege Økland (administrerande direktør), Tore Boge (prosjektleiar/prosjektkoordinator ShipFC), Marte Jensen (EU-rådgjevar), Veronica Charlotte Haugan (prosjektleiar innovasjon) og Chris Jørgen K. Rødland (kommunikasjonsrådgiver).

 

Me har lagt bak oss eit annleis år, som også på mange måtar markerte eit skifte. 2020 var starten på eit avgjerande tiår for å redusera utsleppa frå skipsfarten. Samtidig var 2020 året då me måtte finna nye måtar å samhandla på, skriv CEO i Maritime CleanTech, Hege Økland, i årsmeldinga for 2020.

Året starta bra.  Bedrifter og rederi fekk nye kontraktar, og optimisme prega klynga dei to første månadene av året.  I januar vart det tredje EU-prosjektet i klynga, ShipFC, lansert.  Klima- og miljøminister og ei rekke prominente gjester deltok på lanseringa ombord på Eidesvik sitt offshorefartøy Viking Energy. Lite ante me då kor annleis resten av året ville bli.

Den 12. mars stengde Noreg ned, og det same gjorde verda rundt oss. Koronatiltak blei den nye kvardagen ut året. Medlemsbedriftene våre måtte handtera ein akutt og uoversiktleg situasjon. Då merka me at den overordna filosofien for klynga vår kom til sin rett på nye måtar: Me blir sterkare gjennom samarbeid. Me omstilte oss frå fysiske samlingar til digitale møte. Og me sette ned ein eigen «task force» som jobba kontinuerleg med å gi innspel til krisepakkar for industrien.

Det var aldri eit alternativ å redusera klyngeaktivitetane eller setja innovasjonsprosjekt på vent. Frå medlemsbedriftene opplevde me heller eit sterkt ønske om å bruka krisa som ei moglegheit til å koma ut som ei meir konkurransedyktig og grønare klynge.

Interessa for å delta i klyngesamarbeid aldri har vore større. Trass i uvisse i næringa, fekk klynga 24 nye partnarar i løpet av 2020. Eg er imponert over den sterke viljen våre partnarar viser til å leita etter nye partnarskap og nye forretningsmoglegheiter i ei krevjande tid.

Hausten 2020 lanserte Wilhelmsen og ei rekke andre klyngepartnarar EU-prosjektet HyShip, der  flytande hydrogen skal brukast som drivstoff. I tillegg er mange av partnarane våre involverte i store nasjonale innovasjonsprosjekt. Vårt team har bistått med rådgiving og kopling av samarbeidspartnarar i igangsetjinga av ulike prosjekt. Over 30 av desse fekk innvilga støtte frå verkemiddelapparatet i 2020.

Bedriftene i NCE Maritime CleanTech er svært godt posisjonerte for å ta viktige roller i dekarboniseringa av skipsfarten internasjonalt. Dette er også ei tydeleg satsing i den nye strategien for klyngesamarbeidet, som styret har utvikla det siste året. Det er eit overordna mål at klynga skal bidra til at norske bedrifter får eksportert maritim miljøteknologi ut i verda. Parallelt skal me halda oppe trykket på det som har vore heilt sentralt i utviklinga av klyngesamarbeidet vårt: Å etablera aktivitetar som demonstrerer nye teknologiar for grøn skipsfart.

I 2021 feirar NCE Maritime CleanTech 10 år som klynge. Mykje viktig innovasjonsarbeid har skjedd i løpet av desse 10 åra, men eit stort arbeid står att.  Me går inn i det nye tiåret med godt driv og ein stor prosjektportefølje. Me er ein ung tiåring, men samtidig ei moden klynge med eit solid fundament. Me håpar å treffa dykk IRL snart og ønskjer oss alle lykke til med den grøne omstillinga i det neste tiåret!