Prosjekt innan miljøvenleg energi, med bedrift som prosjektleiar og -eigar, kan søka finansiering frå Forskningsrådet. Det er fleire moglegheiter i 2021.

  • Innovasjonsprosjekt i næringslivet (IP-N) kan ein søka kontinuerleg, men innan midten av september dersom prosjektet skal starta i januar 2022.
  • Pilot-E er eit samarbeid mellom ENOVA, Innovasjon Norge of Forskningsrådet. Ny utlysing er ute, og søknadsfrist er 15. september.
  • Pilot-T er eit samarbeid mellom Forskningsrådet og Innovasjon Norge. Søknadsfrist er 15. september.

Energi, transport og lågutslepp er eit av mange tema som Forskningsrådet lyser ut støtte til gjennom søknadstypen Innovasjonsprosjekt i næringslivet. I alt har dei tilgjengeleg 1,3 milliardar kroner, kor 300 millionar er avsett til energifeltet. Prosjektet må bestå av ein stor del forskning og utvikling. Søknadar som vert sendt til Forskningsrådet mellom midten av april og midten av septemberfår svar i byrjinga av desember. Søknadar sendt til Forskningsrådet mellom midten av september og midten av desember, får svar mellom midten av januar og slutten av februar 2022.

Sjå utlysning av Innovasjonsprosjekt i næringslivet (IPN)

 

Pilot-E er for prosjekt som søker støtte for heile utviklingsløpet, frå forskningsaktivitetar fram til løysinga er klar for kommersiell bruk.

Pilot-E 2021 har tre tema:

  • utsleppsfri maritim nærskipsfart
  • hydrogen – aktørkoordinering og forsterking av knutepunkt
  • eit energisystem for omstilling

Sjå Pilot-E-utlysinga her

 

Pilot-T 2021 har nye mobilitetsløysningar som tema. Formålet er å få nye mobilitetsløysingar raskare i bruk gjennom å utvikla og teste/pilotera teknologiar og forretningsmodellar som kan påverke framtidas transportsystem slik at det blir effektivt, miljøvenleg og trygt. I et Pilot-T-prosjekt skal bedrifta i samarbeid med andre aktørar få fram ny kunnskap eller bruka eksisterande kunnskap på nye måtar eller område.

Se Pilot-T-utlysninga her

 

Spørsmål:

Om ein har spørsmål om Innovasjonsprosjekt i næringslivet innan energi, transport og lågutslepp, kontakt ein av dei fagansvarlege:

Harald Rikheim, vind- og vannkraft
+47 48 22 86 36

Andreas Bratland, energilagring og energibruk i transport
+47 48 00 59 99

Khanh Tuan Le, kraftnett, digitalisering og energisystemet
+47 97 68 88 24

Per Arne Karlsen, bioenergi, energieffektivisering
+47 91 72 76 69

Trond Moengen, solenergi
.
+47 95 27 32 20

Åse Slagtern, hydrogenteknologi
+47 93 05 94 81

Har ein spørsmål om Pilot E, kontakt Trond Moengen.
Epost: .
+47 95 27 32 20

Har ein spørsmål om Pilot-T, kontakt Mette Brest Jonassen.
Epost: .
+47 95 18 05 31 / 22 03 70 92