Bedriftene i Maritime CleanTech utviklar maritime miljøteknologiar i verdsklasse. Korleis kan me nå meir ut i internasjonale marknader? No bistår me klyngepartnarar til å finna løysingar. 

 I Noreg er me marknadsleiande i fleire segment innan utviklinga av grøn skipsfart. Likevel ser me tendensar til at prosjekt stoppar opp i pilotfasen – kva kan me gjera for å sikre at dei vert kommersialiserte? Korleis kan me bidra til å sikra norsk verdiskaping, og at fleire arbeidsplassar blir skapt her i landet? 

Desse spørsmåla skal Maritime CleanTech bidra til å finne svara på. Ei prosjektgruppe, med erfaring frå skalering av teknologiar og bedrifter, skal undersøke korleis våre klyngebedrifter kan lukkast med si satsing i internasjonale marknadar.  

 

Intervjurunde – meld di interesse 

Framover blir fleire klyngebedrifter intervjua om deira behov og deira strategiar knytt til internasjonalisering, samt kva rolle Maritime CleanTech kan spela i å legge til rette for at bedriftene skal lukkast i si eksportsatsing.  

Er du interessert i at bedrifta di skal bli intervjua?  Har du forslag til korleis Maritime CleanTech kan organisera framstøyt i strategisk viktige marknader? Ta gjerne kontakt med prosjektkoordinator Tonje Hovland dersom dette kan vera interessant for di bedrift: Tonje@maritimeclenatech.no. 

Prosjektet er støtta av Innovasjon Norge og Sparebanken Vest.