Maritime CleanTech samla partia til fleire debattar knytt til grøn skipsfart under Arendalsuka 2021.

— Dette understreker vår sentrale rolle med å redusera utsleppa frå skipsfarten, seier Hege Økland, administrerande direktør i NCE Maritime CleanTech.

Stortinget anerkjenner arbeidet som blir gjort i NCE Maritime CleanTech  med eigen merknad i statsbudsjettet for 2022.  Bakgrunnen for fleirtalsmerknaden er organisasjonen si viktige rolle innan det grøne skiftet i skipsfarten. 

NCE Maritime CleanTech samlar kring 150 partnarar frå heile den maritime verdikjeda og energisektoren. Klyngeorganisasjonen initierer og legg til rette for samarbeid mellom klyngepartnarane, og arbeidet har resultert i ei rekke nye løysingar og skipstypar som reduserer skadelege utslepp til luft og sjø, samt fått fram nye verdikjeder for grøne drivstoff som hydrogen og ammoniakk.  

I merknaden heiter det: 

“Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Venstre, Miljøpartiet De Grønne og Kristelig Folkeparti, anerkjenner at arbeidet som Maritime CleanTech har gjort til nå har vært viktig for tempoet i omleggingen til grønn vekst i medlemsbedriftene. Flertallet forutsetter at regjeringen legger til rette for at klyngen og arbeidet blir videreført.” 

— Maritime CleanTech har hatt mogelegheita til å arbeida med mobilisering og innovasjon gjennom deltaking i det nasjonale klyngeprogrammet. Frå 1.1.2022 fell basisfinansieringa vår vekk, noko som vil gjera det svært vanskeleg for oss å oppretthalda den arbeidsforma og posisjonen me har i dag. Denne anerkjenninga frå eit breitt fleirtal på Stortinget er viktig for å sikra det vidare arbeidet me gjer saman med medlemsbedriftene våre når basisfinansieringa fell vekk, seier Hege Økland 

 Merknaden er ei viktig forlenging av den nye regjeringsplattforma, kor fleire av innspela frå Maritime CleanTech har fått gjennomslag: Det skal mellom anna stillast krav til låg- og nullutslepp på hurtigbåtar frå 2025. I tillegg skal staten kompensera fylkeskommunane for meirkostnader ved å velja låg- og nullutsleppsteknologiar i innkjøp av nye hurtigbåtar. 

 I tillegg har statsråd med ansvar for havpolitikk, Bjørnar Skjæran, utrykt støtte til arbeidet klynga gjer.  

— Noreg er eitt av dei einaste landa i verda som har ei så komplett klynge, og industrien er ein veldig viktig del av den. Eg har besøkt Maritime CleanTech fleire gongar, og det er veldig spennande det som foregår der. Me er avhengige av at alle bidreg om me skal klara å sørgja for at norsk skipsfart ligg heilt i front, også etter det grøne skiftet. Difor var slagordet på årskonferansen til Maritime CleanTech så bra i år, Chasing Zero. Bodskapen er viktigare enn nokon gong; Let´s chase zero together, sa fiskeri og havminister Bjørnar Skjæran då han vitja årskonferansen til Maritime CleanTech. 

— Me er nøgde med at den nye regjeringa ønsker å stilla krav til både hurtigbåtar og offshoreflåten. Dette er konkrete gjennomslag for våre innspel til regjeringsforhandlingane. Krava til hurtigbåtar, kombinert med statleg kompensasjon, legg til rette for at fylkeskommunane no tør å bestilla nullutsleppshurtigbåtar. Det er viktig at det samtidig blir lagt til rette for rask utvikling og pilotering av nullutsleppsløysingar til hurtigbåtmarknaden. Me er klare til å halda fram arbeidet med å støtta norske myndigheiter og maritim industri i dette arbeidet, avsluttar Økland.