Innovation Norway wants applications for greener ship solutions. 65 Million kroner is ready for use, but be quick: the deadline is pending.
(Article in Norwegian)
Den nye støtteordninga skal bidra til å redusera skadelege klimagassutslepp gjennom utvikling og innføring av låg- og nullutsleppsteknologi i innanriks skipsfart.
3 kjenneteikn ved relevante prosjekt
– Involverer maritim næring
– Fører til reduksjon av skadelege klima- og miljøutslepp
– Samarbeidsbaserte prosjekt
Kven kan søka?
Den nye støtteordninga omfattar all innanriks skipsfart, inklusiv havbruks- og fiskeflåten:
– Partnarskap, konsortium eller bedriftsnettverk med to eller fleire samarbeidande bedrifter
– Bedrifter innan maritim næring over heile landet slik som; rederi, verft og leverandørar av utstyr, skipsdesign og andre tenester
– Innkjøparar av maritime transporttenester og vareeigarar kan også initiera og søka finansiering til samarbeidsbaserte prosjekt som involverer maritime aktørar
Kva type prosjekt?
– Både før- og hovudprosjekt
– Prosjekt retta mot mogleg investering og bruk av klima- og miljøteknologi på eitt eller fleire spesifikke skip (nye eller eksisterande)
– Andre prosjekt som fører til reduksjon av klima- og miljøutslepp
Kva kan det søkast om støtte til?
– Moglegheitsstudie og konseptutvikling
– Verdikjede/logistikkoptimalisering
– Utvikling av ny teknologi, produkt og løysingar, prototyping, demo-/pilotering
– Utvikling av forretningsmodell
– Mobilisering og etablering og drift av nettverk/samarbeidskonstellasjonar
– Marknads- og tekniske undersøkingar
Søk raskt – løpande søknadsfrist
Her finn de søknadsskjema og rettleiing til utfylling: Grøn skipsfart – ny støtteordning. Ta kontakt med oss om de treng meir informasjon eller bistand i søknadsprosessen.