Me set fart på strategiske utviklingsprosjekt i klynga og søkjer prosjektforslag i tidlegfase som skal definera framtidas smarte og grøne sjøtransport.

Me vil realisera strategiske utviklingsprosjekt innan tema som blei drøfta på strategisamlinga i Rosendal i juni 2016: Industri 4.0, Offshore vind, Ny shipping, Havbruk og Den nye sjøvegen. Målsettinga er at prosjekta skal bidra til nye delprosjekt som resulterer i konkrete utviklingsprosjekt for klyngebedrifter. Me ønskjer også at prosjekta skal styrka klynga sitt kompetansegrunnlag innan satsningsområda. NCE Maritime Cleantech har satt av kr 800.000 til satsninga og kvart prosjekt kan finansierast med opp til kr 200.000.

Krav til prosjekt
Prosjekt skal vere tidlegfase prosjekt og må høyra heime innan dei 4 definerte strategiske hovudtema.

Minst tre deltakarar frå ulike klyngeverksemder må vera med i prosjektet, og ein av desse skal ha prosjektleiarrolla.

Kompetansepartnarar utanfor klynga kan delta i prosjektet og det vert også oppmoda om å søkja medverknad frå leiande kompetansemiljø, gjerne andre klynger.

Delresultat og sluttresultat frå prosjektet skal presenterast undervegs og etter prosjektet er avslutta. Det skal leverast ein sluttrapport til NCE MCT som presenterer prosjektet.

Prosjektet kan i samband med NCE MCT arrangera workshops innan tema.

NCE MCT kjøper prosjektleiingstenester av bedrifter som deltar i prosjekt.

NCE MCT er prosjekteigar og har rett til å profilera prosjektet på vegne av deltakarane.

Målsettinger i prosjekt skal vere:
– Styrking av kompetansegrunnlag innan det relevante tema
– Generering av delprosjekt som vidare kan søkje finansiering frå ulike virkemiddelordningar.

Prosjektkostnadar som kan dekkas av NCE MCT

  • Prosjektleiing
  • Konsulentbistand inkl. designbistand til konseptutvikling
  • Reisekostnadar
  • Fasilitering av prosjektmøter, seminar og samlingar for heile klynga

Korleis går du fram?
Send kort presentasjon av prosjektet (1-2 sider) med prosjektbeskrivelse, mål, ambisjonsnivå, partnarar, budsjett, handlings- og tidsplan til .

Styret behandlar søknadane og vel ut aktuelle prosjekt som skal finansierast.

Dersom du har spørsmål eller vil ha meir informasjon, .