Det vart halde ekstraordinært årsmøte i Maritime CleanTech i samband med ny status som Norwegian Centre of Expertise (NCE). Organisasjonen har no endra namn frå Maritime CleanTech West til Maritime CleanTech.

Bjørn Arne Skogstad som er programleiar for NCE- og GCE-programma i Innovasjon Norge var tilstades på årsmøte og informerte kort om bakgrunnen for klyngesatsinga og korleis klyngeprogramma skal bidra til å styrka norsk næringsliv si innovasjons- og konkurranseevne.

Nytt styre

Ingve Sørfonn, Wärtsilä

Sonia Faaland, CMR Prototech

Randi Taxt, BTO

Bjørn Håvard Bjørklund, Future Solutions

Tore Dalseide, DG Marine

Tor Inge Dale, Solstad Offshore

Vermund Hjelland, Eidesvik

Torill Møklebust, Kværner Stord

Varamedlemmer:

Asbjørn Tverdal, SKL Nett

Siri Pettersen Strandenes, NHH

Liv Reidun Grimstvedt, HSH

 

Styret er samansett av verksemder som representerer klynga si bredde – i forhold til geografi, stad i verdikjeda og med ulik storleik på verksemdene.