Seminaret samla rundt 70 deltakarar.

I dag samla Statens vegvesen aktuelle interessentar med hydrogen- eller ferjekompetanse til felles seminar i Oslo. No blir det spennande kva tid anbodet på den første hydrogenferja blir lyst ut.

I statsbudsjettet for 2016 varsla regjeringa at dei ønsker ein ny statleg utviklingskontrakt, tilsvarande kontrakten som resulterte i verdas første batteriferje Ampere. Vegvesenet vurderer no å lysa ut dialogkonkurranse for å utvikla og setja i drift ei hydrogenferje.

Saman med ZERO arrangerte Vegvesenet dagens seminar for å få innspel til utforminga av ein slik utviklingskontrakt. Blant deltakarane var Ivan Østvik og Nils Aadland frå NCE Maritime CleanTech. Seminardiskusjonane handla om å få avdekka moglegheiter og barrierar, kva område som krev meir innovasjon, kva tekniske og sikkerheitsmessige utfordringar som finst, og kva prosjektrisikoen er ved å utvikla ei ferje drive heilt eller delvis på hydrogen.

Etter samlinga i dag skal Vegvesenet avgjera korleis dei no går vidare i utlysingsarbeidet. Nils Aadland meiner seminaret viste at Vegvesenet endå ein gong er tidlege på banen i utviklinga av ny teknologi, og at dei tar dialogen med næringa på alvor i prosessen.

Les meir om kombinasjonen hydrogen og ferje på ZERO sin blogg.