22. – 23. mai og 30. – 31. mai arrangerer me ACCEL-kurs for klyngebedrifter som ønskjer å tilby nye produkt og tenester. Dette er særleg relevant for oppstartsbedrifter, gründerar og bedrifter som ynskjer å vidareutvikla verksemda si.

Kurset gjev innføring i smart og smidig forretningsutvikling, og fokuserer på relevant og hurtig utvikling av idear. Kursform er ein kombinasjon av teori og oppgåver, der bruk av ulike verktøy er sentralt.

Metodar i kurset skal bidra til at produkta og tenestene du utviklar er relevante, og at du gjer dei rette prioriteringane utan å bruka for mykje ressursar.

Program:

  • 22. mai: Smart forretningsutvikling. Grunnleggjande element innan Lean Startup. Fokus på kunden sine behov.
  • 23. mai: Forretningsmodell og mål. Kva kjenneteiknar ein levedyktig forretningsmodell?
  • 30. aug: Sal. Effektivt sal og marknadsføring.
  • 31. aug: Vekst. Innføring i vekststrategiar.

ACCEL-kortprogram blir arrangert på Stord (DNB-bygget) i samarbeid med BTO, Atheno og DNB.

Meir info og påmelding finn du her. Det er ei avgrensa mengde plassar på kurset, så ver rask!

Kontakt oss ved spørsmål.