På årsmøtet i mars vart det vald nytt styre i NCE Maritime CleanTech, og i sitt fyrste styremøte 27. april konstituerte styret seg. Ingve Sørfonn frå Wärtsilä (bilete) takka ja til å fortsetja som styreleiar, og Liv Ingrid Grimstvedt frå Høgskulen på Vestlandet går inn som ny nestleiar. Varamedlemmer er Sigvald Breivik (Norled/NorLines) og Tor Inge Dale (Solstad Offshore).

Dei andre styremedlemmene er Asbjørn Tverdal (Haugaland Kraft), Liv Kari Eskeland (Unitech) Kari Marvik (Christian Michelsen Research), Bjørn Sundland (Gasnor), Tore Dalseide (Dalseide Shipping Services), Vermund Hjelland (Eidesvik) og Terje Johansen (Kværner Stord).