Samstundes med at utviklinga av autonome skip går for fullt i industrien, skal eit nytt prosjekt med fleire av deltakarane i NCE Maritime CleanTech sjå på korleis ein best kan utnytta dei eigenskapane ubemanna skip tilfører skipsflåten. AutoLog vert støtta av Norges forskningsråd med 9,7 millionar kroner.

AutoLog-prosjektet skal identifisera og analysera dei moglegheitene som oppstår når ein tek i bruk autonome og fjernstyrte skip for å levera maritime tenester. Medan teknologane utviklar dei nye fartøya med tanke på tryggleik, energi- og kostnadseffektivitet, må økonomane finna ut korleis ein kan nytta teknologien på en best mogleg måte for samfunnet.

–  Me skal studera kva for positive eller negative eigenskapar autonome skip har, kva for effekt desse har på skipsflåten og korleis dei endrar dei klassiske problemstillingane knytt til skipslogistikk, seier Stein W. Wallace, professor ved NHH og leiar for Senter for shipping og logistikk.

Kartlegg eigenskapane til autonome skip

Prosjektet fekk nyleg 9,7 millionar kroner i støtte av Norges forskningsråd for perioden 2018 til 2021. Klyngedeltakar NHH sitt senter for samfunns- og næringsforsking (SNF) er prosjekteteigar. NCE Martime CleanTech, Wärtsilä, Fjellstrand, Monohakobi Technology Institute i Japan, University of Sydney og University of Quebec at Montreal er partnarar. Prosjektet vil ha ein postdoktor tilsett på heiltid og truleg kunne tilby masteroppgåver på fleire aktuelle problemstillingar.

– Det me spør oss om er kva eit autonomt skip er og kva nytte dei kan dei gjere for næringslivet og samfunnet elles. Me treng ikkje å forstå sjølve teknologien, men må forstå kva slags eigenskapar dei autonome fartøya har som gjer at me må planleggja annleis. Mykje av denne kunnskapen kan me finna i klynga, seier professoren.

Vurderer eit autonomt ambulansefartøy

Professor Stein W. Wallace er prosjektleiar og klyngepartnar NHH sin representant i forskingsprosjektet “AutoLog”.

NHH er ekspertar på logistikk, men autonome skip utfordrar dei klassiske modellane for skipslogistikk. Prosjektet vil mellom anna vurdera korleis autonome skip kan auka fleksibiliteten i nærskipsfarten med tanke på seglingsruter og rutetider, om dei kan nyttast som fartøy i medisinsk teneste og til sist kva slags økonomiske konsekvensar dei kan ha for den internasjonale handelsflåten.

 

– Forskinga kan mellom anna nyttast til å utarbeida nye planleggingssystem for skipsfarten. Dette kan vere nyttig til dømes for det offentlege som ynskjer å levera ei betre medisinsk teneste for sine kystsamfunn, eller for eit reiarlag som ynskjer å produsera ein meir optimal transportteneste. Me ser for oss at flåtane vanlegvis består av både bemanna og ubemanna fartøy, understrekar Wallace.

Ein annan kostnadsstruktur

Ein av dei eigenskapane eit autonomt fartøy vil ha er ein annan kostnadsstruktur. Professoren fortel om korleis toga mellom Kastrup og København har vorte kortare og går oftare etter at dei blei ubemanna. Det har ikkje noko med teknologien å gjere, men at kostnadsbiletet har vorte annleis.

– Dette er eit veldig spanande prosjekt og me gler oss til å komma i gang. Me startar i mars med å snakka med partnarane om dei ulike problemstillingane me ynskjer å belysa. På sikt vil det vere eit potensial for verksemder i NCE Maritime CleanTech til å utvikla til dømes nye autonome låg- og nullutsleppsfartøy for å løyse desse problemstillingane, sjølv om ikkje teknologiutvikling er ein del av AutoLog-prosjektet, fortel Wallace.