I september vart seks nye verksemder ein del av NCE Maritime CleanTech: Evoy, Scanship, Atheno, Sparebanken Vest, Yxney Maritime og SinOceanic Shipping. Klynga tel no 91 deltakarar frå heile den maritime verdikjeda.
Den store interessa for å bli ein del av NCE Maritime CleanTech held fram, og pågangen er større enn nokon gong. Med dei seks nye søknadane som vart godkjend av styret i september tel klynga no heile 91 deltakarar.
– Styret er svært nøgde med dei nye deltakarane, som alle har verksemd som er svært relevant for klynga sine mål og aktivitetar. Dei siste tilskota gjer oss endå meir komplett som klynge og dermed meir slagkraftige i ein sektor med stor internasjonal konkurranse, seier dagleg leiar Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.
Dette er dei nye medlemmene:
Evoy AS: Evoy er eit oppstartselskap frå Florø som utviklar elektriske framdriftssystem på 100-250 kW til båtar i storleiken 20-30 fot. Dei leverer framdriftssystem til både nybygg og ombyggingsprosjekt. Verksemda rettar seg mot den private småbåtmarknaden, men satsar også innan oppdrettsbransjen. Selskapet skal no utvikla og installera ein prototype av løysinga si, til ein båt som skal nyttast av Steinvik Fiskefarm.
Scanship AS: Tønsberg-verksemda er leiande på system for handtering av avfall og avløpsvatn innanfor den internasjonale cruiseindustrien. Anna kvart cruiseskip som vert bygd mellom 2014 og 2020 vil vera utrusta med løysingane til Scanship. Selskapet sine system konverterer avfall og avløpsvatn til rein energi og reinsa vatn som oppfyller dei høgaste internasjonale utsleppstandardane. Eventuelle restar frå prosessane kan gjenvinnast eller resirkulerast.
Atheno AS: Atheno er eit industribasert næringsselskap frå Stord med heile Sunnhordland som nedslagsfelt. Dei vil bidra i klynga med nyttig kompetanse innan inkubatorverksemd og gründerskap, samt samarbeid om entreprenørskap-program i skuleverket i regionen. Selskapet skal bidra til auka innovasjon og verdiskaping i nye og eksisterande bedrifter i regionen. Klyngeadministrasjonen har allereie no innleia eit samarbeidt med Atheno om ein EU-workshop seinare i haust.
Sparebanken Vest: Verksemda er eit komplett finanshus for meir enn 285 000 person- og bedriftskundar. Dei tilbyr mellom anna tenester innan finansiering, sparing, plassering, forsikring, leasing og eigedomsmekling og har kompetanse innan finansieringsrådgiving, juridiske problemstillingar, IT og organisasjonsutvikling. Dei vil gjerne læra meir om ny teknologi og nytta kunnskapen i dialog med kundar og samarbeidspartnarar. Dei ynskjer å bidra aktivt i klynga og ha ei sentrale rolle i verdiskapinga på Vestlandet. Banken samarbeider også med ei rekke aktørar som støttar opp om gründerverksemd, teknologisk utvikling og nyskaping.
Yxney Maritime: Oslo-selskapet, som held til i Rederiforbundet sine lokale, ynskjer å bidra til å styrka klynga si satsing på digitalisering. Selskapet har utvikla ei skybasert løysing som ved å analysera data frå blant anna fartøy, AIS-system og vêrvarsel utarbeider metodar som gir auka energieffektivitet og reduksjon i utslepp frå offshorefartøy. Gjennom eit Enova-støtta prosjekt kan dei blant anna visa til eit potensielt kutt i utslepp på over 10 prosent. Yxney Maritime assisterer også offshore-reiarar i anbodskonkurransar med å visualisere drivstoff-forbruk og potensiell optimalisering.
SinOceanic Shipping: Reiarlaget har ein flåte på 17 kontainer skip og har i tillegg 7 skip under bygging på verft i Sør-Korea og Kina. Selskapet har totalt ein kapasitet på 227 000 TEU (20 fots konteinarar). Skipa opererer over heile verda og fleire av dei kan nytta landstraum når dei ligg til kai. SinOceanic jobbar for å redusera energibruk og utslepp frå større containerskip og samarbeider alt med fleire av klyngeverksemdene våre. Verksemda, som i Noreg har kontor i Oslo og Bergen, er 100 prosent eigd av kinesiske Sinindo Holdings Ltd.