Dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland, var ein av innleiarane på Solamøtet 2019.
Det årlege Solamøtet samlar leiarar frå næringsliv, forsking, politikk og forvalting. Eit viktig tema på møtet var korleis me lokalt kan bidra til ei reinare verd og utsleppsreduksjonar i tråd med FN sine klimamål.
På møtet presenterte Økland korleis klyngesamarbeidet har bidratt til å skapa nye løysingar for å få ned klimagassutsleppa frå skipsfarten. I samtale med blant anna AP-topp Jonas Gahr Støre snakka ho også og om korleis strengare klimakrav er viktig både for å få ned utsleppa og for å styrka konkurransedyktigheita til norsk industri.
IMOs mål om at skipsfarten skal kutte 50 prosent i klimautslippene innen 2050, gir store muligheter for norsk, maritim næring sa Økland.