– Teknologien for å gjera alle hurtigbåtruter i Noreg utsleppsfrie vil vera klar i 2023, seier fire norske industrikonsortium og NCE Maritime CleanTech. No ber dei fylkeskommunane om tydelege miljøkrav i nye hurtigbåtanbod.
Mellom 2019 og 2026 skal det lysast ut rundt 75 hurtigbåtanbod langs noregskysten. Korleis desse anboda vert utforma vil ha svært mykje å sei for norske klimagassutslepp, teknologiutviklinga og norske arbeidsplassar.
Noreg har ein ambisjon om halvera utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030. Hurtigbåtar er blant transportsegmenta med høgast utslepp per passasjerkilometer, og innføringa av ny grøn teknologi gir eit betydeleg potensial for utsleppskutt. Me er i ferd med å gjennomføre eit totalskifte i ferjesektoren, og no står hurtigbåtane for tur, seier dagleg leiar i næringsklynga NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.
Vil redusera usikkerheit om nullutsleppsteknologi
For å redusera innkjøparar og politikarar sin usikkerheit om nullutsleppsteknologi, har NCE Maritime CleanTech tatt initiativ til utarbeiding av ei felles utsegn frå klynga og fire konsortium som jobbar med utvikling av utsleppsfrie hurtigbåtar. I utsegna, som er sendt til fylkeskommunane, melder industriaktørane at dei vil vera klare for å gjera alle hurtigbåtruter utsleppsfrie innan 2023.
– For ruter som kan køyrast på batteri, er teknologien tilgjengeleg i dag. For lengre og meir energikrevjande ruter vil me vera klare for introduksjon av hydrogenfartøy seinast i 2023. På grunnlag av dette meiner me at alle anbod som vert lyst ut framover må stilla krav til nullutsleppsteknologi og eit grønt miljø- og klimarekneskap, seier administrerande direktør Tor Øyvin Aa i Brødrene Aa, som leier eit av konsortia.
Dei fire andre aktørane som har skrive under på brevet til fylkeskommunane er NCE Maritime CleanTech og konsortium leia av Selfa Arctic, Rødne Fjord Cruise og Fjellstrand.
I utsegna viser industriaktørane også til at hurtigbåtar kan spele ei svært viktig rolle i arbeidet med å få opp ei forsyningskjede for grøn hydrogen i Noreg.
– Som ein potensiell tung forbrukar av hydrogen, kan hurtigbåtane bidra til å skapa den naudsynte etterspurnaden som skal til for å få opp dei første produksjonsanlegga for grøn hydrogen til ein konkurransedyktig pris. Dette vil vidare mogleggjere nullutsleppsdrift for andre fartøystypar, som cruiseskip, fraktefartøy og offshorefartøy, seier Økland.
Regjeringa vil bidra
I handlingsplanen for grøn skipsfart, som vart lansert i juni, seier regjeringa at dei vil bidra til at det kan stillast krav om null- og lågutslepp i kommande anbodsrundar på hurtigbåtar. Gjennom Revidert nasjonalbudsjett er det løyva 25 millionar kroner til innføring av grøne hurtigbåtar, og regjeringa vil arbeida vidare med ei støtteordning for fylkeskommunane som stiller krav om grøne hurtigbåtar. Ved framtidige revisjonar av kostnadsnøklane i inntektssystemet vil regjeringa også ta omsyn til kostnadsauke som følgje av val av meir miljøvenleg teknologi.
– Dette er eit tydeleg signal frå regjeringa om at dei ynskjer utsleppsfrie hurtigbåtar. Det er også eit signal på at det vil komma meir pengar til fylkeskommunane, slik at dei vil vera i stand til å gjennomføra same løftet for hurtigbåtar som dei har klart for ferjene, seier Økland.