Omsetning av teknologiar som reduserer utslepp av klima- eller miljøskadelege gassar innan maritim næring har tredobla seg dei siste fem åra, til 28 milliardar kroner i 2018. Rekordomsetningen la grunnlag for omtrent 8 000 arbeidsplassar i maritim næring fjor. 

Det er fyrste gang ei slik kartlegging er gjort i Noreg. Analysen er gjennomført av Menon Economics på oppdrag for Eksportkreditt Norge, Enova, NCE Maritime CleanTech og Norges Rederiforbund.

Målet med kartlegginga har vore å presentera status for sal, eksport og investeringar innan grøn maritim, samt å skissere moglegheiter for ytterlegare vekst. Sjølv om tala er svært positive, går omstillinga likevel for sakte for å nå norske og internasjonale utsleppsmål.

Det er gledeleg å sjå at den grøne omsetningen er i vekst. Men analysen viser også at omstillinga går altfor sakte til at me klarar å nå målet om 50 % utsleppsreduksjon innan 2050. Me må få opp tempoet, og det er viktig at norske myndigheiter bidrar å setja fart på omstillinga gjennom å vera ein pådrivar for strengare miljøreguleringar og miljø-/klimavekting i offentlege anskaffingar, seier Hege Økland, dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech.

Kartlegginga viser at maritim næring sin grøne omsetning – det vil seia bruk av teknologiar som fullstendig, vesentleg eller noko reduserer utslepp av klima- eller miljøskadelege gassar – har tilnærma tredobla seg frå 2014 til 2018, frå 9,3 til 28 milliardar kroner. I tillegg investerte norske reiarlag i 2018 meir enn fem milliardar kroner i fartøy og teknologiar som bidrar til å redusere utslepp.

Det er verdt å merke at desse tala er minimumsoverslag, ettersom omsetning og investeringar som reiarlaga gjer for at flåten skal bli meir energieffektiv er utelate frå undersøkinga. Det same er investeringar i landstraum i offentlege og private hamner. Om disse investeringane hadde vore tatt med, ville omsetnings- og investeringstala vore betydeleg høgare.

– På vegen mot lågutsleppssamfunnet må framtidas sjøtransport bli tilnærma utsleppsfri. Noreg er med sin komplette verdikjede spesielt godt rusta til å ta ein viktig posisjon på dette området, noko som gjer omstillinga i maritim sektor globalt til ein stor industriell moglegheit for oss. Veksten som denne kartlegginga viser er gledeleg, og rimar godt med vår eigen erfaring med marknaden som viser ein imponerande straum av innovative initiativ i den maritime næringa, seier marknadsdirektør Øyvind Leistad i Enova.

Verda treng norsk teknologi
Av den grøne omsetningen frå maritim sektor på 28 milliardar kroner stod norske verft for størst andel med åtte milliardar kroner i 2018. Utstyrsprodusentar, offshorereiarlaga og dei teknologiske tenesteleverandørane stod for henaldsvis fem, fire og fire milliardar kroner av omsetningen i 2018.

Blant norske reiarlag sine investeringar på fem milliardar kroner i fartøy og teknologiar som reduserer utslepp finn ein installasjon av batteripakkar til hybridskip, bygging av offshore vind-fartøy, ombygging til eller bygging av LNG-drivne skip, samt installasjon av såkalla scrubbarar – teknologi som reinsar eksosutslepp frå skip.

Totalt gav grøn omsetning og investeringar i 2018 ei direkte sysselsettingseffekt på nærmare 8 000 tilsette, kor størst effekt var hos verfta kor grøn omsetning la til rette for over 2 000 arbeidsplassar. Indirekte sysselsettingseffektar gjennom maritim næring sitt kjøp av varer og tenester frå andre bransjar er ikkje inkludert i tala. Den reelle sysselsettingseffekten er altså endå større.

– Den norske maritime klynga er godt posisjonert for å utvikla produkt heile verda vil etterspørje, seier Harald Solberg, administrerande direktør i Norges Rederiforbund.

– Det er ingen tvil om at den maritime næringa i Noreg har opparbeida seg unik kunnskap innan utvikling og implementering av ny grøn teknologi. Dette er kunnskap som vil gi oss eit viktig konkurransefortrinn når IMO sin utsleppsstrategi skal setjast ut i live og heile den internasjonale flåten skal kutta utsleppa med 50 prosent innan 2050, legg Solberg til.

Høg eksportgrad
Analysa viser også at omtrent 30 prosent – meir enn 8 milliardar kroner – av den grøne omsetning kommer frå eksport. Rundt halvparten av eksporten kommer frå offshorereiarlaga, medan verft, teknologiske tenester og utstyrsprodusentar står for omtrent 40 prosent av grøn eksport. Totalt eksporterer norsk maritim næring i dag for meir enn 200 milliardar kroner.

– Med aukande fokus på utsleppsreduksjon internasjonalt, kan ei strategisk satsing på meir miljøvennlege løysningar bidra til å auke eksporten frå den norske maritime næringa vesentleg. At fleire norske bedrifter i maritim næring har gått føre for å gjera sin aktivitet meir miljøvennleg, gir bransjen eit strategisk konkurransefortrinn og moglegheiter for nye arbeidsplassar og ytterlegare verdiskaping. Me skal gjera vårt ved å jobba tett med næringa og å tilby konkurransedyktig finansiering til kjøparar av norsk, grøn maritim teknologi, seier Otto Søberg, administrerande direktør i Eksportkreditt Norge.

Eksportkreditt Norge tilbyr lånefinansiering til norske og internasjonale selskap som kjøper produkt og tenester frå norske eksportørar.