NCE Maritime CleanTech får støtte til tre nye næringsutviklingsprosjekt.

Det eine prosjektet handlar om rein kraftforsyning til cruiseskip frå offshorefartøy, og prosjektet får 920 000 kroner. Kvart tredje offshorefartøy i verda ligg i opplag, om lag 100 av desse langs vestlandskysten. Samtidig er cruiseindustrien i sterk vekst, men møter strengare miljøkrav i hamner og i ulike sensitive område. Frå 2026 kjem det nye krav om nullutslepp i verdsarvfjordane.

NCE Maritime CleanTech har tidlegare utvikla eit grønt cruisekonsept som viser at det kan vera mogleg å oppfylla vedtaket om nullutslepp i norske fjordar i 2026, ved å bygga om eksisterande offshore-fartøy (PSV) som nye kraftforsyningsskip til cruisebåtar. I prosjektet som får støtte frå Hordaland Fylke, skal klynga utvikla ein forretningsmodell for dette konseptet basert på marknadsanalysar. Modellen skal gjelda skip som skal til hamner utan landstraum, og til fjordar med krav til nullutsleppsteknologi.

Skal bistå i val av energiberarar
Det andre prosjektet som får støtte på 825 000 kroner handlar om val av energiberarar i maritim sektor. Nye energiberarar er på veg inn i skipstransporten. For å vurdera karbon- og miljøfotavtrykk, skal NCE Maritime CleanTech gjera ei heilskapleg analyse av produksjon, distribusjon, bruk og pris for ulike fornybare energiberarar. Dette kan gi nødvendig avgjerdsunderlag i offentlege innkjøp, og hjelpa etableringa av nye verdikjeder for til dømes grønt hydrogen.

– Gjennom tilskotsordninga er Hordaland fylkeskommune med å ruste næringslivet i Hordaland til å møte det “grøne” skiftet. Vi tar ei proaktiv rolle når det gjeld å fremje grøn konkurransekraft og grønt næringsliv i arbeidet med å redusere klimagassutslepp, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Deep Sea mot lavkarbon

Det siste prosjektet skal samla eit utval reiarlag og sentrale aktørar innanfor verdikjeda i deep-sea shipping segmentet for å kartlegga teknologistatus, teknologigap og utviklingsmoglegheiter for at denne delen av skipsfarten skal kunna møta strengare utsleppsreguleringar framover.

– Me er svært glade for at Hordaland Fylke ønskjer å støtta desse tre viktige innovasjonssatsingane, som alle vil bidra til å løysa viktige utfordringar som industrien står ovanfor, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.