Fem spanande konsept for utsleppsfrie hurtigbåtar vart presentert i Stjørdal 3. september. Konsepta viser at næringa kan levera – no må fylka følgja opp med strenge miljøkrav i nye anbod.

Fire av dei fem konsepta som vart presentert i Trøndelag har med partnarar i NCE Maritime CleanTech: Flying foil (Brødrene AA og Westcon Power & Automation), ZEFF (Selfa Arctic, Servogear, LMG Marin, Norled og Hyon), Emaran (Fjellstrand) og Brødrene AA (Westcon Power & Automation).

Med eit større utslepp per personkilometer enn innanriksfly er hurtigbåtar ein skikkeleg klimaversting. I Noreg står hurtigbåtane for eit årleg forbruk på 86 millionar liter diesel, og det samla utsleppet frå desse båtane var på om lag 150 000 tonn CO₂ i 2016.

Før sommaren stod NCE Maritime CleanTech i spissen for eit brev til fylkeskommunane, der fire ulike industrikonsortium gjekk ut og sa at teknologien for å gjera samtlege ruter utsleppsfrie vil vera klar innan 2023.

Næringa har løysingane
Tidlegare i månaden presenterte fem ulike konsortium sine løysingar for hurtigbåtar med null utslepp hjå Trøndelag fylke i Stjørdal. I 2017 tok fylkeskommunen initiativ til ein konkurranse for å utvikla ulike konsept for ein klimanøytral hurtigbåt til dei tre ulike sambanda Trondheim – Brekstad, Trondheim – Vanvikan og Trondheim ‐ Kristiansund. Konsepta som vart presentert er eit resultat av denne konkurransen.

Nok ein gong imponerer industrien med å visa kor mykje dei kan få til på kort tid. Ekstra gledeleg er det å sjå sterk representasjon frå klynga i fleire av konsortia, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Dei fem konsortia presenterte løysingar for både elektrisk- og hydrogendrivne fartøy.

– Mange sa det var umogleg, men no viser me at me kan oppnå høgare energieffektivitet, nullutslepp og betre komfort for passasjerane enn med dagens båtar, seier Erik Ianssen frå klyngepartnar Selfa Arctic som står bak konseptet ZEFF til NRK.

Mellom 2019 og 2026 skal det lysast ut rundt 75 hurtigbåtanbod langs Noregskysten. Først ut er Sogn og Fjordane fylkeskommune som i haust skal utlysa anbod med start i mai 2022. Utforminga av anbod er forventa å starta 1. oktober.

– Industrien har vist at dei kan levera, og no må administrasjonane og politikarane følgja opp med å setja strenge miljøkrav i alle nye anbod. 10 nye år med diesel er ikkje eit alternativ, seier Økland.

Intervju med leiarane av konsepta med klyngepartnarar i NCE Maritime CleanTech:

ZeFF

https://www.youtube.com/watch?v=nq9OSG6HG98

 

Rødne Trafikk

https://www.youtube.com/watch?v=-lfh8dlihkE

 

Flying Foil

https://www.youtube.com/watch?v=D2GzuUJIk5c

 

Brødrene Aa

https://www.youtube.com/watch?v=pDZLNMNSor0