Foto: Air Liquide

Det siste året har klynga fått heile 19 nye medlemsbedrifter.

– Den sterke veksten stadfestar posisjonen vår som eit leiande innovasjonsmiljø innanfor havnæringane. Det er også svært gledeleg å registrera at fleire og fleire bedrifter ser klyngesamarbeid som eit viktig verktøy for å auka konkurransedyktigheita si, seier Hege Økland, dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech.

Etter eit styremøte i slutten av november blei fem nye bedrifter godkjende som medlem i NCE Maritime CleanTech. I løpet av 2019 har klynga fått heile 19 nye medlemsbedrifter. Det vil seia at 108 verksemder no står saman for å utvikla og ta i bruk ny smart og grøn teknologi til havnæringane.

ECOsubsea, Molnex Energy, Marine Manager, Air Liquide og Green Fjord Cruises er dei siste tilskota i NCE Maritime CleanTech.

Green Fjord Cruises

Green Fjord Cruises er eit nystarta selskap som skal ha tre turistbåtar i fjordcruise frå Haugalandet mot Hardanger, og særleg i Åkrafjorden. Selskapet har som mål og byggja tre hydrogendrivne fartøy, og samarbeider allereie med klyngepartnar Westcon Power & Automation om framdriftsløysingane.

Air Liquide

Medan Green Fjord Cruises vil nytta hydrogen som drivstoff til sine fartøy, er eit av dei andre klyngetilskota, Air Liquide, allereie blant verdas leiande aktørar innanfor hydrogen.

Selskapet, med kring 65.000 tilsette rundt om i verda, er representert i heile verdikjeda – frå produksjon til lagring og distribusjon. Air Liquide har kontor i 80 land, og hovudkontoret ligg i Frankrike.

I søknaden til NCE Maritime CleanTech presiserer Air Liquide at dei ønskjer å vera med på utviklinga av flytande hydrogen til maritime applikasjonar. Selskapet stiller med ekspertise rundt teknologi og sikkerheit.

Molnex Energy

Molnex Energy er eit oppstartsselskap som jobbar med å utvikla flytande vasskraftverk som skal produsera og distribuera energi for å gjera aktivitetar til sjøs utsleppsfire. Fartøy, riggar, plattformar og oppdrettsanlegg er blant installasjonane Molnex Energy sine løysingar er tilpassa. Selskapet har hovurdkontor utanfor Stavanger.

ECOsubsea
ECOsubsea samarbeider med skandinaviske hamneselskap om miljøvenleg vask av skrog. Den nye skrogreinsinga skal vera meir effektiv enn metoden med børstar som i stor grad blir brukt i dag. Ein skal også unngå skadelege miljøutslepp frå maling og søppel. Selskapet held til på Bakkasund i Austevoll kommune.

Foto: ECOSUBSEA

Marine Manager

Marine Manager ønskjer å effektivisera bygging, reperasjonar og vedlikehald av skip ved å digitalisera verftsarbeidet. Selskapet held til på Austevoll og utviklar software. Marine Manager har som mål å samarbeida med reiarlag, verft, leverandørar og inspektørar for å fasa inn nye rutinar og kutta kostnader.