Silje Sivertsen kjem til NCE Maritime CleanTech med brei erfaring frå ei rekkje ulike fagmiljø.
Sivertsen starta jobben i NCE Maritime CleanTech 2. januar. Sivertsen har bakgrunn frå mellom anna Deloitte, Helse Bergen og Stord kommune, og er utdanna Cand. Polit. Adm. Org. frå Universitetet i Bergen. Også i tidlegare jobbar har utviklingsprosessar og innføring av nye løysingar vore sentrale.
– Eg håpar å dra nytte av mi erfaring frå forsking, rådgjeving og prosjektleiing når eg no byrjar i klynga. Eg er veldig motivert for å bidra i eit miljø som er med på den revolusjonen som no skjer i den maritime sektoren, for å få fart på det grøne skiftet. Som bømling må eg jo òg legga til at det er ekstra stas at me driv verdsleiande arbeid på akkurat dette feltet i vår region, seier Sivertsen.
Saman med resten av administrasjonen i NCE Maritime CleanTech skal Sivertsen bidra til gode resultat frå dei mange viktige utviklingsprosjekta i klynga.
– Me er veldig glade for å få med Silje Sivertsen på laget. Me har nett teke fatt på eit tiår der arbeidet med nye, grøne løysingar må intensiverast. Saman med alle dei offensive medlemsbedriftene i NCE Maritime CleanTech skal me vera ein motor i dette arbeidet, eit arbeid våre dyktige medarbeidarar legg til rette for kvar dag, seier administrerande direktør Hege Økland i NCE Maritime CleanTech.