Får 6,4 millionar kroner i auka statsstøtte.
– Dette er eit utruleg viktig tilskot til satsinga på maritim utdanning og grøn skipsfart – og sjølvsagt også den maritime næringa som heilskap, seier styreleiar Mirjam Ydstebø og dagleg leiar for skuleskipet «Gann», Geir Danielsen.
Tilskotet mogleggjer ei hybridisering av MS «Gann». I tillegg til eksisterande dieselmotorar skal det installerast batteridrift. Visuelle digitale styringssystem skal sikra ein optimal driftsprofil. Når hybridiseringa er gjennomført, vil MS «Gann» vera eit godt eksempel på bruk av framtidsretta teknologi på eit tradisjonelt skip.
– Skuleskipet «Gann» er klyngepartnar hos oss og får no ei stor rolle i å utdanna og sikra viktig kompetanse innan grøn skipsfart. For at Norge skal vera i tet i miljøsatsinga til sjøs også i framtida, er det avgjerande at ungdom får eit innblikk i teknologien dei kjem til å møta på havet allereie under utdanninga si, seier Hege Økland, dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech.
Fleire elevar
Skuleskipet «Gann» er ein landsdekkjande maritim friskule. Frå og med skuleåret 2020/2021 utvidar «Gann» talet på elevar frå 120 til 135.
Både i regi av medlemmane til NCE Maritime CleanTech, og elles i Norge, er det mange pågåande prosjekt for å laga nye låg- og nullutsleppsfartøy.
– Norge sitt konkurransefortrinn ligg i kompetansen hjå reiarlaga, til norske sjøfolk og arbeidstakarane i den maritime næringa. Me treng ungdom som vil bidra til nye teknologiske framskritt. Me ønskjer å vera i forkant for å sikra at me held posisjonen vår i front. No gler me oss til å byrja eit nytt og spennande kapittel i skuleskipet si historie. Dette gir oss verkeleg mogelegheita til å driva ei framtidsretta og offensiv opplæring, seier Ydstebø og Danielsen.