- This event has passed.
Arendalsuka: Framtidas blå bybane – frå land til sjø
17th August 2021 at 14:30–15:30
Event Navigation
Norske byar skal bli både smarte og grøne, og norsk maritim næring er allereie klare med løysingar for nullutsleppsløysingar for bybåtar. Dette kan styrka kollektivtilboda og bidra til: kortare reisetid, mindre køar på vegane, mindre vedlikehaldskostnader og store reduksjonar i utslepp. Dette vil også oppfylla måla om smartare og grønare byutvikling, der mobilitet er nøkkelordet. Men, trass i ønska om å bruka sjøvegen i mykje større grad: det tar tid når det offentlege skal realisera nye planar. Private utbyggarar og maritime næringsaktørar er utålmodige.
Korleis kan me sikra at verdsleiande norsk maritim miljøteknologi kjem i bruk som eit kollektivalternativ i norske hamnebasseng? Kven får den første piloten? Korleis skal det organiserast? Er det fritt fram for private aktørar? Kva står i vegen?
Til debatten kjem nasjonale politikarar som har mål om å flytta meir av vegtransporten over til sjø. Her kjem byråd i Bergen for å presentera korleis ein jobbar med å realisera ny båtrute i indre hamnebasseng, og her kjem representantar frå opposisjon, byutviklingsaktørar og representantar frå maritim næring.
Deltakarar:
- Erlend Horn, Finansbyråd (V), Bergen kommune
- Marianne Chesak, Fylkesordførar (Ap), Rogaland fylkeskommune
- TBA, statssekretær, Samferdselsdepartementet
- Siv Remøy-Vangen, CEO, Maritime Bergen
- Håvard Tvedte, Kommunikasjonsdirektør, NCE Maritime CleanTech
- Nancy Jøssang, Partner, Opus
- Lars Endre Gimmestad, Deputy CEO, Brødrene Aa
- Hanna Maria van Zijp, Direktør samfunnskontakt, Zeabuz
- Hege Økland, CEO, NCE Maritime CleanTech
- Rune Hvass, Havnefogd, Arendal Hamn
Arrangementet er ombord Statsraad Lemkuhl under Arendalsuka, og blir strøyma via Arendalsuka.no
Details
- Date:
- 17th August 2021
- Time:
-
14:30–15:30
- Event Category:
- MCT
- Website:
- https://program.arendalsuka.no/event/user-view/16442