Gjennomslag for utsleppskrav til hurtigbåtar og offshoreflåten, er blant dei viktigaste tiltaka som kjem fram i den nye regjeringsplattforma.
Maritim næring står midt i avgjerande år for å få i gang utsleppsreduserande aktivitetar i skipsfarten. Noreg har ei svært viktig rolle i dette arbeidet, noko det også blir lagt vekt på i den nye regjeringsplattforma. Den siste månaden har Maritime CleanTech hatt god dialog med nye regjeringspartnarar og fremja innspel til grøn omstilling av skipsfarten.
Krav til hurtigbåtar, offshoreflåte og havbrukfartøy
I den nye regjeringsplattforma har det kome gjennomslag på fleire av innspela frå klynga vår: Det skal mellom anna stillast krav til låg- og nullutslepp på hurtigbåtar frå 2025. I tillegg skal staten kompensera fylkeskommunane for meirkostnader ved å velja låg- og nullutsleppsteknologiar i innkjøp av hurtigbåtar.
– Me er nøgde med at den nye regjeringa no ønsker å stilla krav til både hurtigbåtar og offshoreflåten. Dette er konkrete gjennomslag for våre innspel til regjeringsforhandlingane. Krava til hurtigbåtar, kombinert med statleg kompensasjon, legg til rette for at fylkeskommunane no kan tørra å bestilla nullutsleppshurtigbåtar. Det er viktig at det samtidig blir lagt til rette for rask utvikling og pilotering av nullutsleppsløysingar på hurtigbåt, seier Hege Økland, administrerande direktør i Maritime CleanTech.
I regjeringsplattforma står det at dei nye krava skal bidra til å styrka teknologiutviklinga i norske kompetansemiljø. Med over 150 partnarar frå heile verdikjeda representerer Maritime CleanTech ei verdsleiande klynge innan utviklinga av grøn skipsfart. I klynga er partnarane tydelege på at dei nye krava trengst for å nå komande klimamål, som for eksempel å kutta 50 prosent av utsleppa frå innanlandsk skipsfart innan 2030:
– Krava om lågare utslepp frå offshoreflåten frå 2025, og nullutslepp frå same flåte i 2030, er svært viktige for å få opp farten og driva fram omstillinga og utviklinga. I Maritime CleanTech har me allereie fleire partnarar som er fremst i utviklinga, for eksempel i EU-prosjektet ShipFC kor utsleppsfri drift av offshore-fartøy skal demonstrerast i 2025, seier Økland.
I regjeringsplattforma blir det også lagt vekt på krav til havbruksflåten, men dette er ikkje nytt:
– Den avtroppande Solberg-regjeringa har alt i fleire år varsla utsleppskrav til havbruksflåten frå 2024. Difor er det viktig at den nye regjeringa no tar det vidare og konkretiserer fartøyskrava i samarbeid med Sjøfartsdirektoratet, seier Økland.
Støtte til infrastruktur for grøn skipsfart
I den nye regjeringsplattforma står det også at det skal sikrast ei betydeleg utbygging av infrastruktur for klimavenleg skipstransport innan 2025.
– Dette er viktige signal å gi til mange aktørar som no utviklar både produksjon og forsyning av fornybare drivstoff. Særleg er det viktig at regjeringa ønsker å stimulera til utviklinga av klimavenlege energiberarar. Her har Maritime CleanTech mellom anna peika på at differansekontraktar kan bidra til å dekka meirkostnader i overgangen til bruk av fornybare drivstoff. Det vil samtidig stimulera etterspørsel etter nullutsleppsløysingar i marknaden, seier Økland.
Støre-regjeringa varslar også at det skal koma ein grøn omstillingspakke for klimavenleg omstilling av skip.
– Kva som ligg i dette er framleis uklart, men frå næringshald ser me fram til å samarbeida for å konkretisera dette. Dette kan sikkert gjelda både eksisterande flåte og nybygg, alle i næringa står no overfor ei stor omstilling. Me håpar regjeringa vil lytta til næringsaktørar og ikkje minst norske pionerar innan maritim miljøteknologi, når dei utarbeidar denne omstillingspakken, seier Økland.
Ønsker meir ambisiøs politikk med konkrete mål
I den nye regjeringsplattforma er det peika ut ei retning for vidare utvikling av grøn skipsfart i Noreg. Likevel trengst det meir fart og handling:
– I plattforma står det at den nye regjeringa på sikt skal innføra forbod mot bruk av tungolje i skip, for eksempel i cruiseskip, det er for svakt. Det bør innførast forbod no, for eksempel rundt Svalbard og langs heile kysten vår. I tillegg bør det fremjast nullutsleppskrav i alle norske fjordar frå 2030. Dette er eksempel på politikk der Maritime CleanTech vil samarbeida aktivt med alle partia på Stortinget, for å få fram den beste politikken for utviklinga av grøn skipsfart dei komande åra, seier Økland.
For å akselerera tempoet i både innovasjon og omstilling, trengst også klyngesamarbeid. Det mangla lovnader om dette i regjeringsplattforma. No trengst ei tydelegare satsing på moden klynger:
– Som moden klynge og innovasjonsakselerator kan Maritime CleanTech fasilitera for sterke samarbeid i utviklinga av grøn maritim industri. Det trengst ekstrasatsing på å klara oppskaleringa og kommersialisera pilotteknologiar framover. Gjennom trygg finansiering av modne klynger som omstillingsmotorar kan me klara å bygga ny grøn verdiskaping og ny norsk eksport, avsluttar Økland.