- This event has passed.
Arendalsuka: Autonome bybåtar utan utslepp – eit nytt norsk transporteventyr?
16th August 2022 at 14:30–15:30
Event Navigation
Førarlause, sjølvkøyrande og utsleppsfrie: framtidas bybåtar kan løysa transportutfordringar over heile verda. ZAWAS-prosjektet har samla Noregs fremste ekspertar for å skapa rammene for det som kan bli Noregs neste transport- og eksporteventyr. Industrien kan levera det som trengst for at sjøtransport kan konkurrera med transport på land.
Norske kommunar og fylkeskommunar kan utløysa dette industripotensialet ved å bestilla nullutsleppsbybåtar til sine kollektivruter. Kvifor gjer ikkje fleire det? Kva må til? Og – for å ta det vidare mot autonomi: Kva barrierar møter ein teknisk, regulatorisk, sikkerheitsmessig? Saman med representantar frå nasjonalt og lokalpolitisk nivå — samt næring — tar me debatten i Arendal!
Deltakarar (fleire kjem):
- Kirsti Leirtrø, Stortingsrepresentant, Næringskomiteen, Arbeidarpartiet
- Liv Kari Eskeland, Stortingsrepresentant, Transportkomiteen, Høgre
- Marianne Chesak, Fylkesordførar i Rogaland, Arbeidarpartiet
- Natalia Antonia Golis, Fylkesvaraordførar i Vestland, MDG
- Arne-Christian Mohn, Ordførar i Haugesund, Arbeidarpartiet
- Bjørn Utgård, CEO, HYKE
- Pia Meling, VP Sales & Marketing, Massterly
- Erik Dyrkoren, CEO, Zeabuz
- Torun Degnes, CEO, SAMS Norway og prosjektleiar i ZAWAS-prosjektet
Debattleiar: Chris Jørgen K. Rødland (Maritime CleanTech)
Om ZAWAS-prosjektet:
I ZAWAS-prosjektet samarbeider Maritime CleanTech, SAMS Norway og Nordic Edge for å sikra felles mål: Noreg skal vera leiande i utvikling og utrulling av effektive og miljøvennlege bybåtar, med gevinstar både for tenesteleverandørar, maritim industri og samfunnet som heilskap.
ZAWAS involverer heile verdikjeda relatert til bybåtar, inkludert brukarar og bestillar av transporttenester. Prosjektet samlar Norges fremste ekspertar på autonome og utsleppsfrie bybåtar. Slike bybåtløysingar kan vera eit svar på mange norske og internasjonale byar sine transportutfordringar. Saman skal partnarane gi fart til det som kan bli eit nytt eksporteventyr for den maritime næringa. Prosjektet er støtta av Innovasjon Norge.
Details
- Date:
- 16th August 2022
- Time:
-
14:30–15:30
- Event Category:
- MCT
- Website:
- https://program.arendalsuka.no/event/user-view/18470