Friday, October 6, the Norwegian government put forward its 2024 budget proposal. Maritime CleanTech calls for a stronger commitment to support industry leaders through the green maritime transition. Read our full comments on the proposal in Norwegian below.
Regjeringa sitt budsjettforslag for 2024 inneheld gode ambisjonar og nødvendige påplussingar, men svarer ikkje på viktige bestillingar frå næringa og Stortinget, meiner Maritime CleanTech.
– Meir midlar til det eksisterande verkemiddelapparatet gjennom blant anna Enova, Eksfin, Nysnø og Innovasjon Noreg kjem godt med. Men det er ikkje nok for å møta utfordringane maritim næring står overfor i den grøne omstillinga, seier Ada Martine Jakobsen, adm. direktør i Maritime CleanTech.
Leverer ikkje på klare bestillingar
Den grøne maritime næringa etterlyser langsiktige og føreseielege rammevilkår som bidrar til å ta ned risikoen i møte med nye teknologiar og drivstoff. Eksisterande verkemiddel har vist seg ikkje å vera tilstrekkelege, og omstillingstrykket i skipsfarten har ifølgje DNV gått frå lågt til svært lågt.
Fleirtalet på Stortinget vedtok i fjor at regjeringa skulle koma tilbake med ein plan for tilgjengeleggjering av straum og nye drivstoff langs kysten, og ein plan for innføring av differansekontraktar for hydrogen – begge delar etter innspel frå næringa.
Ingen av delane er følgt opp i forslaget til statsbudsjett for 2024.
Manglande infrastruktursatsing
Om Nasjonal plan for å gjere land- og ladestraum, hydrogen, ammoniakk og andre grøne drivstoff tilgjengelege skriv regjeringa: «Departementet arbeider no med utforminga av den nasjonale planen. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.» Det blir med andre ord ikkje sett av øyremerkte midlar til tiltak i budsjettet for neste år.
– Det betyr at viktige investeringar i låg- og nullutsleppsløysingar i skipsfarten blir utsett grunna usikkerheit om tilgang på straum og nye drivstoff, seier Jakobsen.
Ho etterlyser også eit løft for utbygging av testinfrastruktur for ny teknologi. Regjeringa føreslår i budsjettet å styrke løyvinga til testfasilitetar gjennom Katapult-ordninga til Siva med 26 millionar kroner.
– Dette er langt unna den satsinga som er nødvendig. Testing og demonstrering av nye framdriftsløysingar på land bidrar til ei rask og trygg teknologiomstilling, men i dag står viktige prosjekt på vent grunna manglande kapasitet.
Ingen differansekontraktar
Om differansekontraktar peikar regjeringa blant anna på at «Både den norske utgreiinga og ei utgreiing frå Europakommisjonen konkluderer med at differansekontraktar ikkje vil vere det mest eigna verkemiddelet før hydrogenmarknaden er meir moden.»
Men utgreiinga Olje- og energidepartementet fekk frå Oslo Economics seier også: «Dersom det er ønskelig å akselerere utviklingen av hydrogenverdikjeder ytterligere, kan differansekontrakter for hydrogen være et treffsikkert virkemiddel for å løse utfordringer med høye driftskostnader ved bruk av hydrogen, og usikkerhet om utviklingen i prisdifferansen mot fossile alternativer».
Som alternativ til differansekontraktar peikar regjeringa på den nye hydrogenbanken i EU, og «tar sikte på at norske aktørar så tidleg som mogleg skal kunne delta i utlysingar under EU sin hydrogenbank». Men her er regelverket enno ikkje på plass, og det er usikkert både når norske aktørar vil kunna delta i desse utlysingane, og om norske aktørar vil få tilslag.
– For å nå målet i regjeringa sitt grøne industriløft om å utvikla heilskaplege verdikjeder for hydrogen, er det ikkje nok å berre lena seg på EU. Her vil differansekontraktar i ein overgangsperiode vera eit eigna verkemiddel som gir langsiktige og føreseielege vilkår både for produksjon, distribusjon og bruk av nye drivstoff, seier Ada Martine Jakobsen.