Loading Events

Back to all Events

  • This event has passed.

HAVLUNSJ: Det nye vestlandseventyret

20th February 2020 at 11:3012:30

Event Navigation

Produksjon av grøn hydrogen

Ambisiøse mål gir også store moglegheiter! Hydrogen er ein av brikkene som kan bidra til at skipsfarten når målet sitt om ei halvering av utsleppa innan 2050. Det pågår for tida hydrogenprosjekt innanfor cruise, ferje og hurtigbåt, men for å få fart på utviklinga treng me å få opp ei forsyningskjede for grøn hydrogen i Noreg. Fleire kraftselskap har lansert spenstige planar, og me spør: Kan hydrogenproduksjon bli Vestlandet sitt nye industrieventyr?

På denne havlunsjen møter du representantar frå offensive bedrifter i NCE Maritime CleanTech som presenterer fleire banebrytande hydrogenprosjekt: Her kjem administrerande direktør i Greensight, Hilde Holdhus, for å snakka om hydrogen som drivstoff. Forretningsutviklar i BKK, Bjørn Sundland, skal fortelja meir om verdikjeda for hydrogen og det pågåande PilotE-prosjektet. Salsansvarleg Martin Aasheim i Norwegian Electric Systems kjem også for å fortelja om NES si satsing på hydrogen.

MELD DEG PÅ HER!

Agenda:

  • Hydrogen som drivstoff/ Pågåande hydrogenprosjekt– Hilde Holdhus, leiar, Greensight
  • Verdikjede for hydrogen (Pilot-E prosjektet) – Bjørn Sundland, forretningsutviklar, BKK
  • Satsing på hydrogen i Norwegian Electric Systems – Martin Aasheim , salsansvarleg, Norwegian Electric Systems

HAVlunsj er ein serie med lunsjmøter i regi av VIS, Maritime Bergen, GCE Ocean Technology, NCE Seafood, NCE Maritime CleanTech og Marineholmen. Arrangementet er ein uformell møteplass for havnæringane, med fokus på kompetanseheving og nettverksbygging. Alle som ynskjer å delta er velkommen.

MELD DEG PÅ HER!

Details

Date:
20th February 2020
Time:
11:30–12:30
Event Categories:
,

Venue

VilVite
Thormøhlens gate 51
Bergen, Norway