Styret har tilsett Hege Økland i den nyoppretta stillinga som dagleg leiar for klyngeorganisasjonen Maritime CleanTech West. Hege vil også vera ansvarleg for å leia NCE-prosjektet som startar formelt 1. november 2014. Hege er utdanna siviløkonom /Cand.merc og har leiarerfaring frå industri, finans og næringsutvikling.
Nils Aadland er tilsett som Prosjektleiar i klyngeorganisasjonen, og vil særskilt ha ansvar for konseptutvikling og etablering av fellesprosjekt innan utvikling og demonstrasjon av nye fartøyskonsept. Nils har mange års erfaring frå toppleiar nivå fra maritim verksemd, IT-bransjen og mekanisk industri.
Både Økland og Aadland har vore sentrale i oppbygginga av klyngeprosjektet Maritime CleanTech West. Som NCE-prosjekt vil klyngeorganisasjonen bli styrka med fleire ressursar, og me søkjer no etter Prosjektleiar som skal ha særskilt ansvar for etablering og gjennomføring av ulike innovasjons- og utviklingsprosjekt i klynga.