I samarbeid med Høgskulen i Sørøst-Norge arrangerte NCE Maritime CleanTech ein temadag om Systems Engineering for våre klyngebedrifter den 7. januar.
På kurset gav Professor Alberto Sols frå Norwegian Institute of Systems Engineering deltakarane innføring i Systems Engineering og korleis fagfeltet kan brukast i ulike utviklingsprosjekt og organisasjonar. Metoden fokuserer på tverrfaglege prosessar og korleis eit system kan tilpassast ulike behov til kundar og krav i eit livssyklus perspektiv.
Utfrå dei positive tilbakemeldingane frå industrideltakarane som deltok, vil NCE Maritime CleanTech i samarbeid med kompetansemiljøa i klynga og NCE Systems Engineering forsøkja å leggja til rette for kurs og utdanningstilbod i denne regionen. Me oppmodar verksemder om å ta kontakt dersom dykkar medarbeidarar har interesse av å læra meir om Systems Engineering.