Pilot-E til Urban Water Shuttle
God stemning på kontoret 16. desember, og mykje mediemerksemd i samband med Pilot-E-løyvinga til Urban Water Shuttle.
#smartgreen16 på Solstrand
Klynga samla seg til smart og grøn årskonferanse i byrjinga av desember – over 70 deltakarar blei med.
Utsleppsfri havbruksbåt på gang
Storm Design skal leia eit DIP-prosjekt om utvikling av framtidas havbruksfartøy – og får med seg fleire deltakarar frå klynga.
Framtidas skipsfart på innovasjonsdag
Per Arne Moldøen, Wärtsilä, innlegg om framtidas skipsfart på Global Entrepreneurship Week i Bergen i november.
Ung interesse for havnæringane
Me arrangerte Ocean Talent Camp saman med gode kollegaer i NCE Seafood, GCE Subsea og Maritime Bergen. Over 2000 elevar deltok på utdannings- og yrkesmessa i november. Her er glade quizvinnarar på standen vår.
Big Data i maritim næring
Workshopen me arrangerte hos Solstad i Skudeneshavn i oktober var fullteikna. Det blei mange gode diskusjonar i gruppene!
Maritim pluss media på speeddate
Saman med gode samarbeidspartnarar i NCE Media arrangerte me speeddate i oktober for aktørar frå maritime bedrifter og medieteknologibedrifter.
På verdas største maritime messe
I september presenterte me klynga vår på verdas største maritime messe i Hamburg. Fleire klyngedeltakarar var med og viste seg fram.
Grønare framtid for industrien
Fleire av bedriftene våre var representerte på ONS i Stavanger i slutten av august. Etter opningsseremonien fekk me tatt ein selfie med tydeleg bodskap frå NCE Maritime CleanTech.
Strategisnakk i Rosendal
På førsommaren samla me klyngedeltakarar til strategiseminar. Her blei det mange gode diskusjonar – og strategipraten haldt fram på bryggekanten til langt på natt.
Nordisk samarbeid
Me har deltatt som norsk deltakar i Nordic Marina, eit nordisk samarbeidsprosjekt om grønare maritim næring i regi av Nordisk råd. I juni arrangerte me konferanse i Bergen saman med mellom anna Maritime Bergen.
Flott havkonferanse og sommarfest
Regjeringas havkonferanse i Bergen 30. mai blei runda av med sommarfest arrangert av oss saman med gode samarbeidspartnarar i GCE Subsea, Maritime Bergen og NCE Seafood. Her deltok mellom anna næringsminister Monica Mæland.
Noregs beste innovasjonsmiljø?
I mai blei klynga vår tildelt den aller første Sivaprisen for vårt gode innovasjonsmiljø!
Verdseliten samla i Haugesund
I april arrangerte me batteriseminar hos Sjøfartdirektoratet i Haugesund. Her var heile verdseliten innan maritime batteriløysingar samla.
Studietur til Japan
I vår besøkte representantar frå klynga vår japanske styresmakter og bedrifter for å høyra meir om planane om bruk av hydrogen og brenselceller. Me presenterte også klyngesamarbeidet på den internasjonale messa “Sea Japan”.
Godt samarbeid med verkemiddelaktørane
Som klynge legg me til rette for god informasjon frå, og samarbeid med, dei mange verkemiddelaktørane i Noreg. I løpet av året har fleire besøkt oss, her er Enova og NOx-fondet på besøk i mars.
Sysla Live på Enovakonferansen
Dagleg leiar Hege Økland deltok i panelet på Sysla Live frå Enovakonferansen i januar.
For eit år!
No gjenstår det berre å ønska alle: