I samarbeid med Zpirit har me utarbeida nye nettsider. Me håpar de finn all informasjonen de leitar etter. Viss ikkje er .

På framsida er det engelsk som gjeld. NCE Maritime CleanTech er ei klynge som representerer bedrifter med globalt nedslagsfelt. Fellesprosjekta våre er også verdsleiande og ofte unike. Det må informerast om til heile verda.

Men klyngedeltakarane våre er norske, og me legg difor vekt på å omtala aktuelle nyheiter og arrangement på norsk. Dette er også viktig for å nå fram til alle samarbeidspartnarar og andre interessentar i Noreg.

Me håpar de liker sidene, og me håpar de vil følgja oss både her og i kanalane våre på sosiale medier. Me lover dykk at mykje spennande er i vente! Følg med, følg med (og del gjerne)!