NCE Maritime CleanTech har fått tildelt DIP-midlar frå DOGA for å utvikla framtidas havbruksfartøy. Me skal no begynna arbeidet med å designa eit konsept som skal møta oppdrettsnæringa sine behov for nye og innovative fartøyløysingar.

Energieffektivitet, nullutslepp, logistikk og sikkerheit er sentrale kriterier i utviklinga av konseptet.

Dette er eit prosjekt i NCE Maritime CleanTech, der alle bedrifter og forskingsmiljø no blir inviterte inn som deltakarar. Bremnes Seashore er hovudaktør og skal sørga for ivaretaking av brukarbehova i havbruksnæringa. Storm Industrial Design styrer designprosessen, og administrasjonen i NCE Maritime CleanTech bidrar med koordinering.

Treng kompetanse frå heile verdikjeda
Me skal bruka såkalla designdriven innovasjonsmetodikk. Tidlegare har slik designutvikling i klynga vår fått fram kjente konsept som Urban Water Shuttle og Short Sea Pioneer. Me har difor stor tru på at me vil lykkast med utviklinga av framtidas havbruksfartøy.

I prosjektet treng me kompetanse frå heile den maritime verdikjeda. Me oppmodar difor klyngebedrifter og forskingsmiljø med følgjande teknologikompetanse om å melda si interesse:

  • Fartøysdesign
  • Propulsjonsløysingar
  • Energisystem
  • Automatisering
  • Logistikk / operasjonar
  • Fiskehelse / biologikunnskap

Meld interesse innan 10. februar
Dersom di verksemd ønskjer å bli prosjektpartnar, gi oss tilbakemelding innan 10. februar. Spesifiser kva teknologikompetanse de kan bidra med og dykkar motivasjon for å delta i prosjektet.

Ei styringsgruppe med representantar frå NCE Maritime CleanTech og Bremnes Seashore vil velja prosjektdeltakarane dersom det er fleire deltakarar med lik bakgrunn. Prosjektpartnarar som ikkje deltek i andre klyngeprosjekt vil bli prioritert. Det vil bli utarbeidd ein konsortieavtale som regulerer IPR ved oppstart av prosjektet.

Spørsmål? Ta kontakt med Hege Økland (957 53 695) eller Marte Jensen (984 23 371 / ).