17. mars får NCE Maritime CleanTech besøk av ein delegasjon frå Singapore beståande av representantar frå fleire firma innan maritim og olje/gass-sektoren. International Enterprise Singapore og Innovasjon Norge er vertskap for besøket, og målet er å finna moglege samarbeidsarenaer for bedrifter frå begge land.
NCE Maritime CleanTech vil presentera våre prosjektsatsingar og me legg vidare opp til at interesserte bedrifter kan få delta med korte presentasjonar. I tillegg til blir det moglegheiter for éin-til-éin-møte med aktuelle bedrifter frå Singapore.
Meld di interesse til oss, så kjem me tilbake med meir informasjon om delegasjonsbesøket. Møtet vil finna stad på Solstrand Hotel & Bad på Os, kl. 11-13. Det blir også mogleg å delta på middag i Bergen om kvelden.