Innovasjon Norge si finansieringsordning for miljøteknologi har sett av prosjektmidlar til bedrifter som deltar i klyngesamarbeid. Frist for søknader er 26. mai, les meir om korleis de søker her.

om du ønsker å diskutera moglege prosjektforslag, me kan også hjelpa med å finna moglege prosjektpartnarar.

Miljøteknologiordninga skal fremja norsk miljøteknologi og styrka norske bedrifters konkurransekraft. Dette gjeld for norske bedrifter som ønsker å satsa og omstilla seg til nye marknadsmoglegheiter. Gjennom utlysinga ønsker Innovasjon Norge å stimulera bedrifter i klyngeprosjekt til å samarbeida om å få fram nye løysingar som er betre for miljøet enn det som finst i marknaden i dag.