Høyre, Fremskrittspartiet og Venstre la i helga frem ein ny regjeringsplattform. NCE Maritime CleanTech er glade for å sjå at reint hav er eit av satsingsområda.
Venstre har sagt ja til å gå inn i regjering med Høyre og Fremskrittspartiet, og sundag 14. januar vart ny regjeringsplattform lagt fram. Fleire av satsingsområda i plattforma støttar opp under NCE Maritime CleanTech sitt arbeid.
– Det er gledeleg å sjå at den nye Regjeringa har fokus på grøn teknologi. Me merkar oss blant anna satsing på industriklynger, krav om miljøvekting i offentlege innkjøp og ambisjonane for rask utbygging av ladeinfrastruktur i heile landet. Alle desse tiltaka er viktige for sikra ei grøn og konkurransedyktig maritim næring. Det er politisk fleirtal i Storinget for krav om miljøvekting, og me vonar at Regjeringa med denne erklæringa følgjer opp dette i sine framtidige anbodsutlysingar, seier dagleg leiar, Hege Økland.
Økland trekk også fram tilrettelegging av pilotar som viktig for å sikre høg innovasjonstakt i den maritime industrien.
– Det offentlege kan spele ei viktig rolle med å leggje til rette for pilotering av ny, grøn teknologi og at det vert opna for det i planlegginga av konsesjonstildelingane. Dette er eit innspel som me ønskjer å bringe inn til politikarane, seier ho.
Vil skapa grøn vekst
I den nye plattforma lovar regjeringa også å oppfylla Noregs klimaforpliktingar, slik at Noreg tar sin del av ansvaret for å løysa klimautfordringa.
– Regjeringa vil føra ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk som styrker Noregs konkurransekraft, skapar grøn vekst og nye grøne jobbar. Regjeringa vil også at Norge skal være ein pådrivar i det internasjonale klimaarbeidet, heiter det i den politiske plattforma.
– Det er positivt, og naudsynt, at regjeringa har ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk. No må ein snarast få opp konkrete tiltak som sikrar at måla nås, og her står vår industriklynge klar til å gje innspel, seier Økland.
Blant punkta som er viktig for deltakarane i NCE Maritime CleanTech er:
- Videreføre arbeidet med et CO₂-fond for næringslivet.
- Videreutvikle programmet for grønn skipsfart til å omfatte nullutslipps- og hybridkonsepter for ulike fartøykategorier innen 2030.
- Etablere egne planprogrammer for å redusere utslipp innenfor marin og maritim sektor
- Videreføre 30 prosent miljøvekting ved offentlige innkjøp der det er relevant, eller benytte konkrete miljø- og utslippskrav der det er bedre egnet.
- Ha tett dialog med næringslivet for å skape lønnsomme, grønne arbeidsplasser på grunnlag av deres veikart til lavutslippssamfunnet, og med utgangspunkt i prinsippene for grønn konkurransekraft.
- Styrke Norges grønne konkurransekraft ved å legge til rette for industriklynger som bidrar til å utvikle ny klimateknologi og som skaper nye lønnsomme arbeidsplasser som bidrar til reduserte klimagassutslipp.
- Ha en helhetlig strategi for forskning, teknologiutvikling og bruk av hydrogen som energibærer.
- Legge til rette for rask utbygging av ladeinfrastruktur i hele landet, gjennom en kombinasjon av offentlige virkemidler og markedsbaserte løsninger, for å holde tritt med økningen i andel elektriske transportmidler.
- Videreutvikle Katapult-ordningen.