Ein skal gjennom eit trongt nålauge for å lykkast som gründer, men det hjelper med eit miljø rundt seg som gir tilgang på industriell kompetanse og eit stort nettverk. 

Blant NCE Maritime CleanTech sine 80 medlemmer finn me ei rekkje grunderselskap med idear til nye løysingar for havnæringane. Som medlem i klynga får desse unik tilgang til eit nettverk som inkluderer FoU-miljø, bedrifter og potensielle kundar.

På klynga sitt årsmøte i mars fekk tre av gründerane presentert sine system og løysingar for dei andre medlemsbedriftene.

Vil reinsa havet for plast

Rune Nilssen og ClearOcean får gode tilbakemeldingar på sin forretningsidé som skal fjerna plast frå havet med eit offshorefartøy og fangstreiskap.

ClearOcean er ei verksemd frå Bømlo, som vil vera med og løysa den globale utfordringa med plast i havet.

– Me ynskjer å fjerna den synlege plasten frå overflata. For å klara det vil me nytta eit offshorefartøy i kombinasjon med eit not- eller trålesystem. Me har ikkje ferdigutvikla teknologien som tek plasten ut av fangstreiskapen, men me er ganske nære, seier Nilssen.

Ein stor del av plasten som flyt rundt på verdshava kjem frå dei store elvene i Asia. For kort tid sida synte ClearOcean fram konseptet sitt saman med Innovasjon Norge i Indonesia.

– Me fekk gode tilbakemeldingar, og det gir motivasjon til å satsa. Men for å komma vidare må me få kundar på plass, legg han til.

Solenergi til havnæringane

Solbære frå Bergen er ei verksemd som har spesialiser seg på solenergi, og som utarbeider solcelleløysingar i samspel med kundane, anten det er snakk om privatbustader eller næringsbygg.

– Interessen eksploderer, men avgjerslene tar tid, så me må vera veldig tolmodige. Det me treng mest no er å auka talet på prosjekt og få fleire forskjellige typar prosjekt, seier Simona Petroncini i Solbære.

Lagar ein energieffektiv gangbru

Leif Arne Hystad har tru på Verhoef TecTrans sitt energieffektive gangbrukonsept. Her saman med Ole Arthur Waage frå ein annan gründerverksemd, AquaPro.

På klyngesamlinga kunne ei anna gründerverksemd, TecTrans, fortelja at dei nett hadde etablert eit viktig partnarskap med den nederlandske gangsystemprodusenten Verhoef.

– TecTrans tilbyr eit patentert system på ei gangbru frå båt til plattform eller mellom to rørlege mål. Det unike er at me ikkje treng energi, men jobbar i vektbalanseprinsippet. Systemet kan brukast innan sektorar som havbruk, offshore og i turistnæringa, seier Leif Arne Hystad i TecTrans.

I presentasjonen synte selskapet fram eit bilete av ei prototype i storleiken 1:10, som nyleg har vorte testa på Stord.

– Med meiner at nedslagsfeltet er stort for denne teknologien, men med treng framleis nye samarbeidspartnarar, og naturleg nok sluttkundar, seier Hystad.

Klynga gir auka samarbeide og betre rammevilkår

Alle tre gründerane er klare på at det er mange fordelar med å vere med i ei klynge. Forutan tilgang til samarbeidspartnarar kan ein få hjelp til å søka om midlar, og ein har eit miljø i ryggen som bidreg til at det vert eit marknad for teknologien.

– Å vera med i NCE Maritime CleanTech klynge er alfa og omega for oss. Alle verksemdene me  treng hjelp av, dei finn me i klynga. Her finn med den rette teknologien og me har også hjelp av klyngeadministrasjonen sin kompetanse på å skriva søknadar, seier Rune Nilssen i ClearOcean.

– For oss er det viktig å skaffa nye samarbeidspartnarar og ny kompetanse for å komma vidare. I klynga kan me spela kvarandre gode,  seier Leif Arne Hystad i TecTrans.

På klynga sitt årsmøte i mars i fjor fekk Ole Arthur Vaage i AquaPro «pitcha» sin idé for dei andre i klynga. På årets samling presenterte han konseptet sitt for innsamling og prosessering av fiskeslam, eit prosjekt som fekk støtte frå NCE Maritime CleanTech gjennom Innovasjonsrammen hausten 2017. Konseptet er no på god veg mot realisering.