NCE Maritime CleanTech er tildelt 450.000 frå Innovasjon Norge gjennom Innovasjonsrammen til tre nye innovasjonsprosjekt. Prosjekta dekker viktige nisjar innan elektriske og autonome fartøy, nullutslepps hurtigbåt og meir miljøvennleg avfeitting i industrien.

Gjennom Innovasjonsrammen vert klyngene tildelt midlar for å stimulera til rask igangsetting av nye innovasjons- og samarbeidsprosjekt. Det er tredje året på rad prosjekt i klynga får midlar gjennom ordninga, og andre gong i 2018.

Valhall Nordic Green Products ser på avfeitting og vask i industrien som eit område der det er potensial for å hausta miljøvinstar.

–   Det er svært gledeleg å sjå at innovasjonstakten i klynga er høg, og at me nok ein gong når opp i konkurransen om offentlege midlar. Alle dei tre prosjekta vil bidra til å løysa viktige utfordringar som industrien står ovanfor, og me ser fram til å sjå resultata, seier dagleg leiar i NCE Maritime CleanTech, Hege Økland.

Desse tre prosjekta får no 150.000 kroner kvar i støtte:

Autonom el-båt for hamnebasseng

Brødrene Aa og Westcon Power and Automation ynskjer å greie ut moglegheitene for å utvikla eit elektrisk fartøy med autonome løysingar som kan frakta passasjerar sjøvegen i Karmsundet, i stadet for med buss og bil. Prosjektet skal gjennomførast i samarbeid med Haugesund kommune.

Ein viktig del av prosjektet vert å kartleggja korleis bemanning, fart og storleik verkar inn på forretningsmodellen og korleis autonome løysingar kan bidra til reduserte utslepp og auka tryggleik. Målet er å komma fram til ei konseptbeskriving som Sjøfartsdirektoratet vil krevja for å kunna ta stilling til ei eventuell godkjenning av fartøyet.

Foilassistert nullutslepps hurtigbåt

Energikrevjande hurtigbåtar står for store klimautslepp, og dette prosjektet vil vurdera korleis ein kan utnytta foilteknologien saman med elektrisk framdrift. Konsortiet består av LMG Marin, Selfa, Norled, Hyon og Servogear. Dei ynskjer å utvikla ein nullutslepps hurtigbåt, der foilar skal nyttast for å redusera energiforbruket og dermed gjera framdrifta meir energieffektiv. Målet er å utvikla eit foilsystem med framdrift integrert i foilane, som saman med ein lettvektsstruktur skal gi fartøyet 40 prosent lågare effektbehov enn tradisjonelle karbonkatamaranar.

Miljøvennleg avfeitting

Avfeitting og vask med tyntflytande produkt utgjer ein trussel mot miljøet, og marknaden etterspør meir miljøvennlege alternativ. Dette prosjektet skal kartleggja behovet i industrien og resultera i utvikling av nye og meir miljøvennlege produkt enn dei som nyttast til avfeitting i dag. Ein ser for seg å utvikla ein meir tjuktflytande gele som kan løysa olje og fett, før det heile vert vaska vekk. Både verft og ein rekkje reiarlag ynskjer å samarbeide med prosjekteigar Valhall Nordic Green Products som produserer miljøvenlege kjemikaliar til ulike bransjar og føremål.

NCE Maritime CleanTech fekk også støtte frå Innovasjonsrammen til tre andre innovasjonsprosjekt våren 2018. Prosjekta omhandlar elektriske taubåtar, oppdrettsanlegg sjølvforsynte med fornybar energi og eit system for utvinning av energi frå overskotsvarme på fartøy og riggar. Les meir her:

Får støtte til tre nye innovasjonsprosjekt