Eksplosjonen på hydrogenstasjonen i Sandvika er uheldig, men den gjer oss ikkje bekymra for framtida til hydrogen som energiberar for skip, seier prosjektleiar i NCE Maritime CleanTech, Paul Helland.
Skipsfarten i dag peikar på hydrogen som eit av dei mest realistiske nullutslepps-alternativa når det trengs meir energi enn det som er praktisk å ha med i batteri. I sine klimastrategiar ser også EU brenselcelle- og hydrogenteknologi som nøkkeldrivstoff i arbeidet for å nå 2 gradars-målet.
Innanfor den maritime industrien pågår det for tida hydrogenprosjekt innan blant anna ferjer, hurtigbåtar og cruise. Sikkerheit er sentralt i arbeidet med hydrogendrivne skip, og fleire hydrogenekspertar har uttrykt overrasking over eksplosjonen som skjedde på hydrogenstasjonen i Sandvika utanfor Oslo 10. juni.
– Det skal mykje til for at noko slikt skjer, og no er det viktig at me ikkje overreagerer. Me veit at det aldri vil segla skip i norske farvatn som ikkje har gått gjennom grundige risikoanalysar og sikkerheitsprosessar som sikrar at skipet er på nivå med, eller betre enn, eksisterande løysingar, seier forskingsleiar Øystein Ulleberg frå Institutt for energiteknikk (IFE).
Gjennom si deltaking i det norske forskingssenteret innan nullutsleppssystem for transport MoZEES har IFE blant anna utført ei risikoanalyse på ein hydrogendriven hurtigbåt.
https://mozees.no/low-risk-associated-with-hydrogen-on-ferries
– Konklusjonen frå denne risikoanalysen er at det vil vera mogleg å designa ein hydrogen og brenselcelledriven hurtigbåt med same eller lågare sikkerheitsrisiko samanlikna med konvensjonelle dieseldrivne hurtigbåtar, seier Ulleberg.
Lekkasje orsak til eksplosjonenEin førebels rapport frå hendinga på Sandvika-anlegget, utarbeida av Gexcon, viser at eksplosjonen var orsaka av at hydrogen under høgt trykk har lekka ut og antent, noko som utløyste ein eksplosjon. Undersøkingar pågår no for å definera detaljane rundt lekkasjen og kva som orsaka antenninga.
– Potensielt sett, så kan det vera stor eksplosjonsfare knytt til hydrogen dersom den ikkje vert handtert sikkert. Men det same kan også seiast om andre drivstoff som diesel og LNG. Hendinga på Sandvika vil nok gjera at ein må utføra nokre justeringar rundt krav og regelverk for å sikre at dette ikkje skjer igjen, men den gir ikkje noko grunn til å bekymra seg for framtida til hydrogen som energiberar, seier prosjektleiar innovasjon i NCE Maritime CleanTech, Paul Helland.
Helland viser også til at krava til maritime installasjonar ofte er strengare enn det som er gjeldande for landinstallasjonar.
Norled, som skal drifta Noreg første hydrogen-elektriske ferje, er heller ikkje bekymra for framtida til hydrogen i skipsfarten.
– Enten me skal driva ei ferje på straum, LNG eller hydrogen, kjøper me eit produkt som skal vera sikkert. Løysinga som blir velt for hydrogenferja vert sertifisert og godkjent av sertifiserande myndigheiter, seier Norled sin ferjesjef i Rogaland, Gaute Gangenes til Stavanger Aftenblad.
– Me som jobbar med å utvikla hydrogenprosjekt set sikkerheita i første rekke og samarbeider med leverandørar og selskap med anerkjent teknologi og sikkerheitsfokus. Når det nå først har skjedd eit uhell på ein hydrogeninstallasjon, er me sjølvsagt glade for at ingen vart alvorleg skadd, og me er sikre på at årsaksfunna frå etterforskinga vil bidra til endå sikrare design. Me fortset med hydrogensatsinga vår og ser fram til å utvikla hydrogenprosjekt saman med gode samarbeidspartnarar og leverandørar, kor me saman set sikkerheita i fokus, seier administrerande direktør i Hyon og teknisk leiar innan hydrogen i Greenstat, Tomas Tronstad.